Austevollsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°6′1″ N 5°11′2″ E Austevollsbrua bind saman øyene Huftarøy og Hundvåkøy i Austevoll kommune. Bruprosjektet på riksveg 546 består av to «fritt fram»-bruer og to steinfyllingar.

Dei samla kostnadene for Austevollsbrua er 316 millionar kroner. Reknar ein med kapitalkostnader knytt til forskottering er dei samla kostnadene 430 millionar kroner. 190 millionar blir dekt av bompengar, medan resten vil bli finansiert ved kombinasjon av ordinære statlege løyvingar, lokale tilskot og midlar gjennom ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot.

Ein tok til å byggja Austevollsbrua hausten 2005, og ho stod ferdig i november 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]