Austheii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Austheii er ei lita bygd sør i Tokke kommune i Vestfold og Telemark. Bygda ligg langs Fv803 mellom Krossli og Bandaksli og ho er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar.