Austisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Austisen er eit drivisområde mellom innløpet til Kvitsjøen i Barentshavet og Novaja Zemlja, nordvest i Russland.

Det føregår mykje fangst på grønlandssel i området, og sidan 2005 har norske selfangarar hatt løyve til å ta 10 000 individ. Bestanden i området var i 2005 om kring 2 millionar dyr.[1]

Fram til 1960-åra vart det drive storstilt jakt i område og bestanden fall til under 1 million dyr. Frå 1965 var fangsten derfor sterkt regulert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stor og levedyktig selbestand». miljostatus.no. Henta 9. november 2008.