Austislandstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Austislandstraumen er ein havstraum som går søraustover utanfor Island og vidare mot Færøyane. Straumen har opphav frå området sørvest for Jan Mayen. Straumen fører vatn som er ei blanding av vatn frå Austgrønlandstraumen og atlantisk vatn. Vatnet har relativt låg temperatur og saltinnhald. Somme år fører straumen drivis til nord- og austkysten av Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]