Austprovinsen i Saudi-Arabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austprovinsen
الشرقية
provins
none
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Adm.senter Dammam
Areal 672 522 km²
Folketal 4 105 780 (2010)
Leiar prins Saud bin Nayef
Postnummer 04
Ash Sharqiyah in Saudi Arabia.svg
Wikimedia Commons: Eastern Province, Saudi Arabia

Austprovinsen (arabisk الشرقية ash-Sharqīyah) er den største provinsen i Saudi-Arabia. Provinshovudstaden er Dammam, der dei fleste innbyggjarane bur.

Austprovinsen er senteret for det meste av oljeproduksjonen til Saudi-Arabia. Provinsen er òg eit turistsenter fordi han ligg ved kysten av Persiabukta og dei fleste turistane kjem frå dei nærliggande arabiske landa og Riyadh-regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Austprovinsen ligg ved Persiabukta og grensar til fem land: Irak, Kuwait, Oman, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata.

Den viktigaste flyplassen i regionen er King Fahd internasjonale flyplass, den største flyplassen i verda etter landareal. Via King Fahd-vegen, som stod ferdig i 1986, er Austprovinsen knytt til naboøya Bahrain.

Den stort sett folketomme ørkenen Rub' al Khali (Den tomme fjerdedelen) dekkjer meir enn halvparten av provinsen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saudiarabarane i Najd fekk kontroll over området då Det osmanske riket. Dei busette områda har vore kjend som «Al-Ahsa» (arabisk الأحساء) under osmansk styre, og heile regionen Aust-Arabia vart hovudsakleg kalla «Bahrain» (arabisk البحرين) frå før-islamsk tid og fram til 1521.

Guvernørar i Austprovinsen[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]