Austrått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For bydelen i Sandnes, sjå Austrått i Sandnes

Koordinatar: 63°42′14″N 9°44′35″E

Austråttborga ved Trondheimsfjorden er ein gamal norsk herregard.

Austrått (tidlegare skrive Østråt, Østeraat og Austråt), er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden i Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Austrått har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet.

Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskanslar Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisingar frå juni til august.

Borgporten med våpenskjolda til eigarane i kleberstein.
Foto: Karin Størseth

Namnet Austrått kjem truleg av norrønt austr og átt, som skal tyde austleg himmeleign eller austerut.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skeggi Asbjarnarson (Jarnskeggi, død 997), er den første som er nemnt i samband med Austrått. Skeggi vart drepen av Olav Tryggvason, og Snorri Sturluson fortel at Jarnskeggi vart gravlagt i Skjegghaugen på Austrått, utan at vi kan vita sikkert kva for ein haug det er snakk om.

Austrått er ein av dei eldste kjende stormannsgardane i Noreg. På 1000-talet budde lendmann Finn Arnesson her. Han var måge med kongane Olav II Haraldsson av Noreg («Olav digre», «Heilag-Olav») og Harald Hardråde. Finn vart uvener med kong Harald då broren Kalv fall i kongens teneste. I tida etter Finn vart ikkje Austrått nemnt att i historiske kjelder på 80 år. Truleg var garden krongods i denne tida. Frå 1130 var Kåre Sakseson, kjent som Kåre kongsbror, herre på Austrått. Han vart etterfølgt av sonen Sigurd Kåresson og sonesonen Jon Sigurdsson. Det var truleg Jon som bygde kapellet. Dottera hans Jon, Baugeid, var den neste eigaren. Ho var gift med Åsulv Eiriksson, som var hertug Skule sin banemann.

Rømer / Bjelke[endre | endre wikiteksten]

Loggiaen, der godsets herre poserte som Guds og Kongens representant.
Foto: Karin Størseth

Vi veit lite om eigedomsforholda til Austråttgodset på 1200- og 1300-talet. På 1400-talet kom herregarden inn i Rømerætta, truleg med Otte Rømer (ca. 1330–ca. 1411) som den første eigaren i ætta. Riksråd Jep Fastulvsson stod som eigar frå kring 1400 til 1428. Enkja hans, Elsebe Ottesdatter Rømer,[2] arva godset etter Jep i 1428 og sat med det til kring 1444. Truleg var det gjennom Elsebe sin familie at Jep Fastulvsson først fekk godset i hende. Jep og Elsebe sin son Narve Jepsson[3] eigde herregarden i fire år før han døydde. Bror hans, Mads, gjorde krav på Austrått etter han, men eigedommen kom etter kvart i hendene på enkja Philippa Borkvardsdotter Krummedike og så dottera Gjertrud Narvesdotter.[4] Gjertud budde aldri på Austrått sjølv. Ho gifta seg kring 1462 med den svenske riddaren Magnus Green og selde Austrått til stefar sin, Henrik Jensson, Philippa sin nye mann.

Henrik Ibsen sitt skodespel Fru Inger til Østeraad har gjort Austrått og den kvinnelege eigaren kjent. Men stykket er ei fri dramatisering med lite dekning i historiske kjensgjerningar.

Etter at Henrik Jensson døydde ein gong mellom 1472 og 1478 var det Otte Madsson Rømer, syskenbarn med Gjertrud, som i 1478/1481 tok tilbake garden på odelsrett. Otte sjølv er lite skildra, men dottera, svigersonen og dotterdøtrene er godt kjende for ettertida: Riksråd og rikshovmeister Niels HenrikssønGyldenløve») (ca. 1458–1523) og kona hans, Ingerd Ottisdotter («Fru Inger til Austrått») (ca. 1470–1555) eigde garden ca 1500–1552. Fru Ingerd var ein av dei mest markante personane i Noreg i reformasjonstida. Niels var son av den tidlegare eigaren Henrik Jensson. Gjennom ekteskapet hans med Ingerd vart det slege strek over ein arvefeide mellom to familiegreiner.

Det er truleg at delar av borga slik ho står i dag vart bygde på Niels og Ingerd si tid,[5] truleg var det i denne tida at opphaldsromma og venstre halvdelen av hovudbygningen vart oppført. Ingerd levde anonymt fram til mannen hennar døydde i 1523, men som enkje stod ho fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka at to av svigersønene til Ingerd vart drepne. Men fru Ingerd var ikkje nokon helgen sjølv: Ho fór aggressivt fram i fleire tvilsame arvesaker.[6].

Enkjefru Ingerd overførte i 1552 Austråttgodset til dottera Lucie Nilsdatter og svigersonen Jens Tillufssøn Bjelke. Ingerd og Lucie drukna i 1555 under ei båtreise på Sunnmøre. Jens døydde i 1559, og sonen Aage Bjelke (1552–1603) tok over Austrått i ein alder av sju år. Formyndaren hans var Henrik Nielsson, son av morfaren Niels frå eit tidlegare ekteskap. Aage drukna i Bjugnfjorden, og enkja hans sat med Austrått i seks år før ho overdrog det til sonen, rikskanslar Jens Bjelke (1580–1659). Bjelke hadde embete som kansler frå 1614, som lensherre til Bergenshus frå 1633, i Stavanger frå 1641, og seinare på Elingård. I Åge Bjelke og Jens Bjelke si tid hadde godset gode inntekter av det rike sildefisketTrøndelagskysten på 1600-talet.

Ove Bjelke (1611–1674) var gift tre gonger: først med Maren Juel (død 1643), så i 1647 med Regitze Gedde (1629–1657), og tredje gongen i 1660 med Hedvig Lindenow (1635–1678). Våpenskjolda til alle fire går att på Austrått, mest dei tre første.

Ove Bjelke (1611–1674), som forpakta Austrått frå 1641, tok over både Austrått og rikskanslarembetet då faren Jens døydde i 1659. Som lensherre til Bakke kloster kunne Ove opphalde seg jamleg på Austrått og styre utviklinga der. Vi trur at herregarden slik han står i dag er resultat av innsatsen hans. Det er ikkje tvil om at borggarden, fløybygningane, borgporten og utforminga av hovudtrappa kan knytast til han. Ove Bjelke var utdanna i Padova i Italia, og både sentraltårnet og søylegangane har truleg forbilde der.[7] Samtidig er sentralaksen frå loggiaen eit klårt uttrykk for einevaldstida sitt verdsbilde, med kanslaren som representant for Kongen, og dermed òg Gud.

Ingen av dei tre døtrene til Ove Bjelke tok over Austrått. Garden gjekk til Ove sin brorson Christoffer Bjelke, son av admiral Henrik Bjelke. Christoffer eigde Austrått frå 1674 til 1686, men var knapt nokon gong der og selde godset vidare til syskenbarnet sitt, Christian Frederik von Marschalck (ca. 1650–1719). Marschalck, som var rikskanslar som onkelen sin, Ove Bjelke, førte Austrått til konkurs. Han reiste frå Austrått til Danmark i 1698 og overlét godset til kreditorane i 1699. Hovudkreditorane var Den norske krigshospitalkasse og andre offentlege finansapparat. Med det var Austrått ikkje lenger eit adelsgods, og garden mista privilegia som setegard.

Holtermann[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Gerhard Schøning, ca. 1774

Abraham Dreyer (1671–1736) var lagmann i Trondheim, berghauptmann og ein aktiv investor. Han kjøpte Austrått i 1721, etter at godset hadde vorte drive av futen i Fosen for kreditorane i tjue år. Dreyer budde aldri der, men finansierte ei oppussing. I 1736 selde han Austrått vidare til sorenskrivar og kanselliråd Søren Dass, som busette seg på herregarden. Dass er bisett i gravkapellet. Enkja hans selde i 1760 til kommerseråd Hans Holtermann (1709–1781),[8] noko som innleidde 103 (113) års eigarskap frå Holtermannslekta. Den første Holtermann selde frå godset eigedomar i Stjørna. Han var truleg den som fekk sett opp dagens gambreltak på borga til erstatning for det tidlegare saltaket. Han overdrog garden til sonen Eiler Hagerup Holtermann (1748–1800).[9] Under både Eiler og sonen Ove Bjelke Holtermann (1782-1857)[10] vart fleire leiglendingsbruk selde frå godset.

Kring 1770/1790 importerte Eiler Hornemann kveg frå Irland og Nederland.[11] Dette vart grunnlaget for ein eigen rase kjent som austråttfe, og som gjennom lån av avlsoksar var dominerande i fealet på Ørlandet og i dei nærmaste nabobygdene frå 1806 til 1902.[12] Karakteristisk for Austråttfeet slik det vart framale av Ove Bjelke Holtermann var djupraud kroppsfarge og kvitt hovud.

Presten Eiler Hagerup Holtermann (1811–1872)[13] tok over etter far sin i 1857, men budde sjølv lite på Austrått, hovudsakleg på grunn av prestestillingane. Eiler Holtermann selde unna Gjølga, ein større skogeigedom i Bjugn før han selde Austrått til Anders Gravrok i 1863.[14] Gravrok sat med Austrått i seks år før han gjekk konkurs. Eiler H. Holtermann var den einaste som baud på garden, og i 1871 vart han eigar av Austrått att. Han døydde i 1872. Enkja hans, Anna Andrine Holtermann rakk å selje unna Tarva før Austrått vart selt til godsforvaltaren hennar, oppdalingen Ole Rise (1835–1899)[15] i 1873.

Bønder og finansfolk[endre | endre wikiteksten]

Borga med pyramiden i forgrunnen.

Etter at Rise hadde eigd Austrått i ni år, vart garden kjøpt ut av den neste eigaren, Johannes Heftye (1849–1907). Rise busette seg i Stjørdalen, heimbygda til kona si, der han kjøpte Ree gård. Han eigde òg Sundnes brenneri på Inderøya ei tid. Rise sin innsats på Austrått er omstridd.[16] Det var meieridrift på Austrått, truleg frå 1858, fram til meieriet brann ned for andre gong i 1879.

Johannes Heftye eigde Austrått frå 1882 til han døydde i 1907. Han kom frå ein rik kristianiafamilie og var son av Thomas Johannessen Heftye. Johannes Heftye budde sjølv på Austrått og arbeidde aktivt for å gjenskapa eit herregards- eller borgpreg både inne og utvendig. Heftye var «eksentrisk» etter lokale mål og kom i konflikt med ørlendingane. Ein strid om bruk av vegrett førte til at Heftye fyrte av eit skot og ved eit uhell drap ein mann den 26. desember 1899.

Stortingsmann og spekulant [17] Peder Rinde (1844–1937) eigde Austrått frå 1908 til 1912. Han slakta eigedommen og selde ei rekkje parsellar. Eit formelt skilje mellom Borga og Garden som separate eigedommar vart gjennomført i 1912,[18] men vart ikkje realisert før av ein seinare eigar. Rinde selde i 1912 til Kristiania-kapitalisten (konsul og verkseigar) Georg Walentin Hammer,[19] som eigde Austrått i to år. Både under Rinde og Hammer var agronom Olaf Arnstad gardsbestyrar. Etter Hammer vart Austrått kjøpt på auksjon i 1914 av eit konsortium [20] som vart utgjort av skogeigar Simen A. Landet, bryggerieigar Gunnerius Flakstad og advokat Hans Christian Bull Heyerdahl. Alle tre var heimehøyrande i Hedmark fylke, og dei to første var direksjonsmedlemmer i Oplandske Kreditbank.

Etter brannen den 28. november 1916 hadde sameiget lite interesse eller evne til å attreise Austråttborga. I 1919 overdrog dei Borga til staten, medan Simen Landet heldt fast ved jordeigedommen Austråttgarden. Dødsbuet hans overdrog jordeigedommen til kommunen i 1935. Kommunen selde vidare til Sør-Trøndelag fylke i 1947 med tanke på at garden skulle bli landbruksskule. Dette vart det ikkje noko av, og jorda vart selt tilbake til kommunen att i 1965. Ørland kommune eig no det som er att av jordeigedommen, kring 1 500 dekar.

Utstrekninga på jordegodset[endre | endre wikiteksten]

Austråttborga til venstre, jordeigedommen Austråttgarden til høgre. Austråttgarden er tusenårsstaden i Ørland kommune.

Det kan vera vanskeleg å slå fast kor stort Austråttgodset har vore. Enkelt sagt har godset i si tid eigd alt av nærområda sine i Fosen som ikkje var kyrkjegods. I tillegg har nokre av eigarane eigd jordegods andre stader i Noreg utan at dette har vorte rekna som del av og integrert i Austråtteigedommen. Eigedommen knyta til Austrått, eller, meir presist, til Herren til Austrått, var truleg på sitt største under Ingerd Ottisdotter og etterkommarane hennar fram til Jens Bjelke. Etter Jens Bjelke vart godset delt mellom dei åtte borna hans.[21].

Når det gjeld Jens Bjelke, så finst det fleire framstillingar av utstrekninga av eigedommane hans,[22] alle baserte på Bjelke si eiga jordebok, utarbeidd på bestilling frå kong Frederik III i 1648. Då var godset truleg på sitt aller største; i tillegg til det tidlegare Austråttgodset forvalta Jens Bjelke då arva etter mor si, fru Margrethe Thott, som hadde hatt Tønnøl som enkjesete. Denne arva vart delt mellom fleire arvingar i 1649. I 1651 laut Bjelke pantsette Holla. Han hadde tidlegare hatt eigedommar andre stader, som Hatteberg og Mel i Sunnhordland, og lause gardar i andre delar av landet.

Eigedommane til Jens Bjelke i 1648
Distrikt Herregard eigd av Bjelke Tal på gardar og leiglendingar knytte til herregarden
Fosen Austrått 83 gardar, 107 leiglendingar
Fosen Tønnøl i Nes 31 gardar, 35 leiglendingar
Fosen Storfosen gods, Storfosna 21 gardar, 35 leiglendingar
Fosen Holla i Hemne 26 gardar, 38 leiglendingar
Nordmøre Kanestraum 19 gardar, 23 leiglendingar
Hedemarken Hovinsholm i Nes 31 gardar, 30 leiglendingar
Hedemarken Skredshol i Ringsaker 20 gardar, 21 leiglendingar
Østfold Elingaard i Onsøy 41 gardar, 49 leiglendingar
Østfold Kjølberg i Onsøy 23 gardar, 26 leiglendingar
Østfold Evje i Rygge 25 gardar, 26 leiglendingar
Østfold Sande i Tune 36 gardar, 40 leiglendingar
Østfold Veden i Tistedal 12 gardar, 11 leiglendingar
Østfold Herrebrøden i Rokke 10 gardar, 12 leiglendingar

Til saman oppgav Bjelke sjølv at dette utgjorde 1 438 tynner hartkorn.

I ei samanstilling av adelen sine jordebøker frå 1639[23] står 56 adelsmenn med eit samla jordegods på 9 605 tynner hartkorn. Av dette eigde Jens Bjelke den gongen 12 %, tilsvarande 1 124 tynner. Bjelke var suverent rikast; nestemann på lista var statthaldar Christoffer Urne med eit jordegods tilsvarande 558 tynner.

Til Austrått. Av dei 83 gardane som låg til Austrått i Jens Bjelke si jordebok låg dei aller fleste i datidas Ørland prestegjeld (Ørland, Bjugn og Stjørna). Fem låg i Jøssund, fem i Åfjord, fem i Roan og ein i Stoksund.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Teikning frå 1857. Austrått har spor frå mange hundreår. Ladegarden på nordsida er forlengst borte, men hovudbygningen, gravkapellet og borggarden med sidebygningar, porttårnet og portalen mot sør står att.

Borga har vore gjennom fleire byggje- og omformingsstadium i løpet av dei kanskje 800 åra ho har funnest. Sidan 1650-åra har borga vore bygd kring ei eldre kyrkje. Føre denne steinkyrkja frå kring 1150–1210 stod det truleg eit gudshus av tre her i kring 150 år.[24] Kyrkja fekk seinare nytt interiør i barokk stil, men fleire skulpturar heilt tilbake frå 1200-talet finst bevarte. Sentralakse-tårnet på borga var i si tid det vestlege tårnet på kyrkja.

Teikningar av grunnplana til borga.

Borga i si noverande form stod truleg ferdig i 1656. Legenda vil ha det til at den andre kona til Bjelke, Regitze Gedde, var lite fornøydd med dei daverande bygningane på Austrått, og at ho egga han til byggjearbeid med kommentarar som «Fjøsa på Sem er finare enn husa her».[25] Dei bygningane som framleis står, samanbygde med sperremurane til eit heile, utgjer berre ein del av det tidlegare anlegget.

I dag er det berre representasjonsdelane av herregarden som er bevart, medan økonomi- og driftsbygningane er fjerna, truleg på slutten av 1800-talet. Både nord og vest for dagens hovudbygg fanst det bustadhus og driftsbygningar, jfr. teikninga frå 1857.

Borga er bygd i renessansestil, men utsmykkinga er barokk. Dette viser seg allereie ved hovudporten. Våpenskjolda til Ove Bjelke og dei to første konene hans er prega i kleberstein over porten, og ned langs sidene finst skjolda frå fleire generasjonar av formødrer.[26]

Bygningen er utprega symmetrisk; det er 33 m frå foten av hovudtrappa til tårnet og 33 m frå foten av hovudtrappa til hovudporten.

Kapellet med inventar[endre | endre wikiteksten]

Omvising i borgkapellet under kongefamiliebesøket i 2006.

Kapellet, med dei merkbart tjukkare murane sine, utgjorde truleg heile høgresida av den noverande hovudbygningen, med kring 13 meter opp til mønet. I vestenden fanst det smalare tårnet som i dag er sentralaksen i hovudbygningen. Den låge himlinga kapellet har i dag skriv seg frå ombygginga av borga på 1600-talet. I tårnet kan det tidlegare ha vore eit privat kapell for slottsherren i etasjen over grunnplanet. Attast i kapellet står ein skiljevegg, truleg oppført som kor-skranke kring 1620, men seinare flytta attover i kyrkja. Kapellbenkene har utskorne vangar, og éi av benkedørene finst att

Kapellet, fullstendig utbrent

Altartavla i barokkstil frå 1650-åra er måla og utskoren av anonyme kunstnarar. Måleriet viser krossfestinga av Jesus, medan dei utskorne englane på ramma viser fram pasjonsreiskapar som naglar og tornekrone. Nedst på altertavla, under bildet, er våpenskjolda til Bjelke, Juul og Lindenow utskorne. Kalk og altardisk i sølv frå 1655 finst på Austrått. Ein messehakel frå 1662 herifrå finst i kyrkjesamlinga til Vitenskapsmuseet i Trondheim. Den utskorne preikestolen er frå tidleg 1600-tal.

I tillegg til altartavla finst fire av dei sju måleria med bibelske motiv som Ove Bjelke skaffa til kapellet att. Sju av i alt ti skulpturar frå mellomalderen vart berga under brannen i 1916. Den viktigaste av desse er Austråttmadonnaen, ein av fire skulpturar i kapellet som skriv seg frå perioden 1220–1260 og som anten er importerte frå Nord-England eller utskorne i Trondheim av ein engelsk handverkar. Her finst òg to Olavsskulpturar, ein frå 1300-talet og ein frå 1400-talet.

I eit gravkammer attom kyrkjerommet, med inngang attom altaret, finst kistene til Ove Bjelke, dei to første konene hans Maren Juul og Regitze Giedde, og dessutan den seinare eigaren av borga sorenskrivar Søren Dass (d. 1757). Gravkammeret vart bygd i 1667 av Ove Bjelke. Kistene var nedgravne på Ørland kyrkjegard frå 1859 til 1928. Dei vart tilbakeførte til borga på olsokdagen 1928 under ein stor seremoni med 3 000 tilskodarar.

Hovudbygningen[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen er bygd kring kapellet, uvisst kva tid men truleg sluttført av Ove Bjelke i 1665/66. Over kapellet og i høgre delen av hovudbygningen ligg den store slottssal, no kalla Riddarsalen. Salen har truleg vore bruka til representasjonsoppgåver og formelle høve. På Ove Bjelke si tid var salen pryda med 11 måleri; det viktigaste av dei var eit portrett av kong Christiern IV. I restaurert stand inneheld salen lekamsstore portrett av Ove Bjelke og dei tre brørne hans Jørgen, Henrik og Christian. Salen har eikegolv med innleggsarbeid etter mønster frå 1700-talsgolvet. Før dette var det teglsteinsgolv lagt i mønster der. Kaminen frå tida kring 162550 i nederlandsk renessansestil blir rekna til det mest fornemme på Austrått.[27] I vestveggen, mot forstua/tårnaksen, er det to eikedører, rekonstruert etter dei opphavlege dørene frå 1600-talet.

I andre etasje vestanfor tårnet er det to rom, der det første er større enn det andre. Det første har vore bruka som opphaldsrom og inneheld både ein kamin og ein kakkelomn. I Ove Bjelke si tid fanst det ei våpensamling her. Ein tinntallerken, laga i Hamburg i 1666, med våpenskjolda til Ove Bjelke og Hedvig Lindenow, finst på dette rommet i dag. Det inste, mindre rommet var delt i to separate rom fram til kring 1800: Herren og Frua sine sovekammer.

Første etasjen i den vestre delen av hovudbygningen var kjøken og anretning frå slutten av 1800-talet av. I dag ligg det kombinert kafé og kunstutstilling for besøkjande der.

Tårnspiret har initialane E.H. og årstalet 1781, etter det året då Eiler Holtermann tok over Austrått etter far sin.

Borggarden og sidefløyene[endre | endre wikiteksten]

Bygget fekk si noverande, innbygde form i 1656.

På 1600-talet vart hovudbygningen supplert med støttemurar, to sidefløyer med bustadsrom og eit porttårn med portal og eit bustadsrom. Ytre sett framstår borga med dette som tilnærma kvadratisk. Sentralt på hovudbygningen, som eit dominerande trekk både ved bygningen og ved borggarden, er ei trapp med autentisk smijarnsgitter, dobbelt løp og ein loggia med tre bogar. Over loggiabogane står våpenskjold og bibelvers som stadfestar borgherren Ove Bjelke sitt opphav og status.

Inni borggarden er det svalgangar utanfor andreetasjen i sidefløyene, og søylene som held taket til sidefløyene er utskorne trefigurar. På langsidene er det ti brurejenter, fem kloke og fem uforstandige, kjente frå Jesu likning i Matteusevangeliet i Det nye testamentet. Sett frå der borgherren stod øvst i trappa gjev dei ti brurejentene symbolsk meining der dei fordeler seg med de dårlege til venstre og de gode til høgre.

Likninga om brurejentene står i Matteus 25:34ff[28]. Rett etter dette står ei biletleg framstilling av Guds dom: “Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd.’”. Men: “Så skal han seie til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans.’” Slik er utforminga av bygget med på å understreke borgherren si rolle som Riksherre og Kongens representant, og dermed indirekte Guds stadfortredar i landet og på herregarden. Utvalet av karyatide-figurar frå Det gamle testamentet er òg med på å vise kven borgherren ser som sine likemenn: lovgjevaren, hærføraren og profeten. På vestenden av borggarden står to småe englar og fire mannsfigurar frå Det gamle testamentet: Moses, Josva, Elias (Elia) og truleg Gideon. Dei opphavlege figurane frå 1600-talet var barokkprega, men rekonstruksjonane frå 1950-åra er utført i eit strammare formspråk.

Det er ein vesentleg høgdeforskjell på terrenget i borggarden, slik at øvre del ligg på nivå med svalgangen og andreetasjen i sidefløyene. Grunnfjellet er synleg både i nedre borggard og i overgangen. Både øvre og nedre borggard er hellelagte. Trappa mellom nivåa er frå 1600-talet.

Over hovuddøra, inne i loggiaen står denne innskrifta på latin på ei koparplate: «Dette byggverket har Ove Bjelke overgjeve etterslekta å bevara med Guds hjelp»

Pyramiden[endre | endre wikiteksten]

Pyramiden

Ein firkanta, mura steinpyramide på sørsida av borga ber ei minnetavle med innskrifta

«Her bær den Sted nu Korn som fordum haffuer baaren den dyre Rigens Mand af Herren sielff udkaaren Jens Bielcke, som i Fem og Fyrretiuffe aar Rett Landsens Fader och To Kongers Kandtzler waar»

Minnetavla ber òg våpenskjolda til Ove Bjelke og de tre konene hans og ein latinsk tekst som fortel at Bjelke, «ein elska fars første son og etterfølgjar i embetet», sette opp minnesmerket i året 1665. Stilhistorisk sett er det ikkje truleg at pyramiden vart oppsett i 1665.[29] Det kan tenkjast at minnetavla har stått ein annan stad tidlegare og har vorte flytta til pyramiden då han vart oppsett ein gong på 1700-talet, men føre 1774.[30].

Frå brannen i 1916 til notid[endre | endre wikiteksten]

Borgruinen etter brannen i november 1916.

Austråttborga brann ned natta mellom 28. og 29. november 1916. Brannårsaka var etter alt å dømme eit lynnedslag. Alt trevirket i bygningen brann ned, inkludert dei fjorten utskorne karyatidane på svalgangen rundt borggarden. Fleire personar deltok i bergingsarbeidet, og dei greidde å berge det meste av kyrkjeinventaret.

Sju av dei ti mellomalderskulpturane vart berga, saman med preikestolen, kyrkjesølvet, altartavla, benkevangane, fire av dei sju måleria, 4 epitafar og to tinnfat. Gardsbestyrar Julian Frengen og naboen Peder Hagemo var to av mennene som deltok i arbeidet med å berge kyrkjeinventaret. Dei fekk kongens fortjenstmedalje i sølv alt i januar 1917.[31]

I tida 1914–1919 høyrte borga til eit sameige. Eigarane hadde ikkje nokon føresetnader for å restaurere borganlegget, og dei prøvde å overdra borga til Fortidsminneforeningen. I 1919 kom staten inn som eigar, og dei begynte å restaurere borga. Restaureringa vart gjort i samarbeid med «Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider» og med Wilhelm Swensen som leiar. Restaureringa var ferdig i 1961. Ved et lykketreff hadde Austråttborga vorte omfattende oppmålt og bygningsmessig skildra av arkitekt Lorentz Harboe Ree og kunsthistorikar Fredrik B. Wallem året før brannen. Denne registreringa var avgjerande for at det lét seg gjera å byggje opp att borga.

Austråttmadonnaen frå 1220 hadde vorte delt i to under bergingsaksjonen, men vart samanføydd att i ei restaurering. Dei nye karyatidane i borggarden vart utførte i 1953–1956 av Oscar Lynum, Knut Skinnarland, Kristofer Leirdal og Tone Thiis Schjetne.

Staten eig i dag borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvising frå juni til august. Borghagen og den tilliggjande Austråttlunden har vore landskapsvernområde sidan 1975.

Kyrkja blir framleis bruka til gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i sommarhalvåret. Ho er spesielt populær som vigselskyrkje. Riddarsalen blir bruka til konsertar i sommarhalvåret, og dessutan til humanistisk konfirmasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh: Norske Gaardnavne, b. 14, s. 53.
  2. Terje Sørensen: Elsebe Rømer
  3. Terje Sørensen: Narve Jacobsen
  4. Terje Sørensen: Gjertud Narvesdatter
  5. Bratberg/Andersen: «Det hadde vært forbudt for adelen å befeste sine gårder siden slutten av 1300-talet, men kong Hans ga i sin håndfesting av 1483 adelen rett til å bygge faste hus.»
  6. Halvard Bjørkvik skriv i Norsk biografisk leksikon at «ho var godsrik og hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål»; han nemner tre større rettssaker som ho tapte.
  7. Astrid Dahlsveen. «På sporet etter Ove Bjelke i Italia», i Årbok for Fosen, 2000, s. 137-140
  8. Terje Sørensen: Hans Holtermann
  9. Terje Sørensen: Eiler Holtermann
  10. Terje Sørensen: Ove Bjelke Holtermann. Ove Bjelke Holtermann er òg far til arkitekten P.H. Holtermann
  11. Ola Syrstad: «Framande ferasar i Fosen på 1800-talet» i Årbok for Fosen, 2007
  12. På eit møte i 1902 vart det vedteke å utvikle ayrshireblandingane i Trøndelag til ein eigen rase kalla raudt trønderfe, og austråttfeet gjekk opp i denne nye rasen; ref. Syrstad ibid.
  13. Terje Sørensen: Eiler H Holtermann
  14. Namnet finst òg skrive som Anders Eliassen Gravraak; jfr. Terje Sørensen: Anders Gravraak
  15. Terje Sørensen: Ole Rise
  16. Andersen/Bratberg skriv: «Rise ... har fått et dårlig ettermæle som en mann som utarmet eiendommen og kun var interessert i å vri mest mulig penger ut av den»; medan lokalhistorikaren Terje Sørensen skriv: «Ole Rise drev jorda godt, satte i stand driftbygningene og bygde et tilbygg til fjøset. Det ble kalt ‘Risefjøset’. Han fikk premie for godt fjøsstell i 1875, og ble premiert på utstillinger for buskap og meieriprodukter.»[1]
  17. Orda «spekulant» og «slakte» blir bruka av Andersen/Bratberg.
  18. Yrjar heimbygdslag: «Gården Austrått»
  19. Terje Sørensen: «Georg W. Hammer»
  20. Terje Sørensen: «Simen Landet»
  21. Jens Bjelke hadde i alt 14 born, og åtte av desse overlevde han.
  22. Nielsen, s. 380–389; Hosar 1980 og 1981
  23. Hosar 1981, s. 118.
  24. Som apropos til tanken om ei tidlegare trekyrkje: Gardsnamnet «Hov» finst kring 3 km nordvest for Austrått.
  25. Legenda blir attgjeven i Ree & Wallem, s. 28. Merk at Regitze Gedde voks opp på Sem. I nokre versjonar av denne historia blir det referert til «Fjøsa på Elingård». Dette er etter alt å tyde feil, ettersom Elingård var Ove Bjelke sin oppvekststad
  26. Ettersom Ove Bjelke førte same våpenet som far sin og farfar sin, er tidlegare generasjonar identifiserte med nettopp formødrene sine våpenskjold for variasjonens skyld; på Ove Bjelke si side først mor hans, Sophie Brockenhuus, deretter farmora hans, Margrethe Thott.
  27. Bratberg/Andersen
  28. bibelen.no
  29. «Pyramider som reiser seg rett opp av bakken var ikke i bruk på 1600-talet. Man hadde pyramider på sokkel (‘obelisk-pyramider’), mens egentlige pyramider kan ses først i løpet av 1700-tallet» (Bratberg/Andersen)
  30. Pyramiden er skildra i Gerhard Schøning si bok Reise som giennem en Deel af Norge i de Aar 1773, 1774, 1775 paa Hans Majestets Kongens Bekostning er giort og beskreven, som vier fleire sider til Austrått. Dateringa kan då passe med den engasjerte eigarskapsperioden til Søren Dass i tida 1736–1760.
  31. Stein-Arne Solberg, som har skrive ein artikkel om brannen, meiner at det “må bero på informasjonssvikt overfor Riksantikvaren” at ikkje Paul Skjæret og Jens Bakken fekk tilsvarande medalje for sin innsats òg.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den norske kongefamilien i borggarden under besøk i juni 2006, på veg til til kroningsjubileet i Trondheim
  • Håkon A. Andersen. Austrått. NKIM, 1992 ISBN 82-90502-11-7 (engelsk utgåve, 1995: ISBN 82-90502-14-1)
  • Håkon A. Andersen og Terje Bratberg. Austrått, herregård i tusen år. NKIM, 2006
  • Anka Borch. Jomfru Birgit. Damm, 1951. (Ny utg 1996 ISBN 82-91745-00-5) - faktadrama for ungdom
  • Yngvar Hauge. Arven fra Østråt. Aschehoug, 1964
  • Hans P. Hosar. «Herre og tenarar på Jens Bjelkes gods i Fosen på 1600-talet» I: Årbok for Fosen, 1980
  • Hans P. Hosar. Herre og bønder på Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet, ein studie i føydal utbytting i Norge. Oslo, 1981. Hovudoppgåve i historie, Univ. i Oslo
  • O. J. Johansen. Norge i det 17de århundre og slekten Bjelke til Østråt. 1928 (pdf)
  • Yngvar Nielsen. Jens Bjelke til Østråt, Norges riges kantsler. Kristiania, 1872
  • Lorentz Harboe Ree og Fredrik B. Wallem. Østraat. 1916. (Ny utg 2006 ISBN 978-82-91745-05-3)
  • Stein-Arne Solberg «Austråttbrannen i 1916» I: På leit etter liner..., glimt fra Ørlands historie, 1973 (pdf)
  • Wilhelm Swensen. Austråt. Trondheim, 1961

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]