Hopp til innhald

Austrått i Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austrått
stad
Gravarslia og Høgevoll ved grensa til Hana.
Foto: J. Ådnanes
Land  Noreg
Kart
Austrått i Sandnes
58°50′25″N 5°44′23″E / 58.840278°N 5.739722°E / 58.840278; 5.739722
Austrått bydel i Sandnes kommune.
Austrått bydel i Sandnes kommune.
Austrått bydel i Sandnes kommune.

Austrått er ein bydel i Sandnes kommune med  7 937 innbyggjarar (1. januar 2015).[1] Bydelen ligg sør-aust for sentrum og har eit landareal på 6,8 km².[2]

Austrått består nesten berre av bustadområde og friområde, i tillegg til noko landbruk.[3] Av anna næring finn ein blant anna Mattilsynet sitt regionkontor for Rogaland og Agder, og Lyse Energi. Bydelen har opplevd stor vekst de siste år, og var ei tid den folkerikaste i kommunen med over 10 000 innbyggjarar. Folketalet gjekk ned då Bogafjell blei skild ut som eigen bydel i 2011.

Høyland kyrkje frå 1841 er den einaste kyrkja i bydelen. I nærleiken av kyrkja ligg det populære turområdet Melshei. Området eigner seg både til turgåing og ski, med 8 km lysløype og stiar som strekker seg inn i Rogaland arboret.