Austra Skujytė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austra Skujytė


Statsborgarskap Litauen
Fødd 12. august 1979 (44 år)
Biržai
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Austra Skujytė (fødd 12. august 1979) er ein litauisk tidlegare friidrettsutøvar frå Biržai. Ho vann sølvmedaljen i sjukampen under Sommar-OL 2004 i Aten, ho tevla òg i kulestøyt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skujytė vart nummer seks i sjukampen i VM 2001 og nummer fire i EM 2002. Høgdepunktet kom då ho kneip sølvmedaljen i sjukamp-tevlinga då dei olympiske leikane 2004 fann stad i Aten. Med 6 435 poeng hamna ho over 500 poeng bak den suverene vinnaren, Carolina Klüft, men 11 poeng føre Kelly Sotherton. Åra etter kom Skujytė på fjerdeplassen i VM 2005, 15 poeng unna bronsemedalje, og på sjetteplassen i VM 2007.

I Friidretts-VM 2009 deltok Skujytė i kulestøyt og sette personbeste med 17,86 meter i kvalifiseringa, utan det gav henne finaleplass. Under Sommar-OL 2012 i London presterte Skujytė sitt livs beste sjukamp. Med 6 599 poeng enda ho på femteplass i tevlinga. I kuleøvinga støytte ho heile 17,31 meter, det aller beste resultat i øvinga nokon gong oppnådd i ein sjukamp. IOK annullerte i ettertid prestasjonane til nummer tre og fire i OL-tevlinga, utan at Skujytė har vorte tilgodesett med ein bronsemedalje.

Skujytė la opp i 2017.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]