Australdvergdukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Australdvergdukkar

Status i verda: LC Livskraftig

Australdvergdukkar, januar 2012Foto: JJ Harrison
Australdvergdukkar, januar 2012
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Podicipedidae
Slekt: Tachybaptus
Art: T. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Tachybaptus novaehollandiae
Stephens, 1826
Utbreiingområdet

Australdvergdukkar (Tachybaptus novaehollandiae) er ein liten medlem i dukkarfamilien i som lever i ferskvatn på kontinentet AustraliaNy-Guinea, på New Zealand og på nærliggande øyar i Stillehavet.

Australdvergdukkarar er 25-27 centimeter i lengd og veg om lag 220 gram. Nebbet er rett og stutt. I hekkedrakt er dei mørk gråbrune på overida med eit glansa, svart hovud. Dei har eit slåande kastanjefarga band som strekkjer seg frå bak auget, og bakover og halvegs ned på halsen. Auga er gule, og dei har eit fremtredande bleikgult hudfelt mellom auget og nebbet. Halen er lys og dunaktig.

Ikkje-hekkedrakta er generelt mindre fargerik, manglar det kastanjebrune bandet, kinna under auga, strupe og hals er gråkvitt, i kontrast til mørk hette. Kroppsidene er meir brunlege.

Hovudutbreiingsområdet er særleg Australia med Tasmania. Men dei finst òg frå Java til Ny-Caledonia. Etter ca. år 1970 har dei òg spreidd seg til fleire stader på New Zealand,[1] men berre med små populasjonar. Den totale populasjonen er aukande.[2]

Denne dukkararten vil dukke og skjule seg nær vegetasjon når han blir uroa. Han beitar på sniglar, vassinsekt og fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heather og Robertson (2005)
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Australdvergdukkar