Den australasiatiske antarktisekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den nyoppførte ekspedisjonshytta på Cape Denison.
Foto: Frank Hurley

Den australasiatiske antarktisekspedisjonen var ein australasiatisk forskingsekspedisjon til Antarktis som vart gjennomført frå 1911 til 1914. Han vart leia av den australske geologen Douglas Mawson som vart adla for innsatsen sin. I 1910 starta han planlegginga av ein ekspedisjon som skulle kartleggje den 3 200 kilometer lange kystlinja av det antarktiske kontinentet som ligg sør for Australia. Australian Association for the Advancement of Science godkjende planane hans og bidrog med ein god del av finansieringa av ekspedisjonen. Den attverande finansieringa vart skaffa til vege gjennom offentleg innsamling og andre donasjonar.

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Mannskapet til ekspedisjonen kom hovudsakleg frå universitet i Australia og New Zealand. Av dei som deltok i landekspedisjonen var det 22 australiarar, fire newzealendarar, tre britar og éin sveitsar. Tre av leiarane (Mawson, Wild og Davis) hadde røynsle frå tidlegare antarktisekspedisjonar.

Selfangstskuta «Aurora» frå Newfoundland vart utrusta som ekspedisjonsskip. Ho hadde ei lengd på 165 fot (50 m) med ein tonnasje på 380 tonn, og var utstyrt med ei dampmaskin med yting på 98 bhp. Kaptein var John King Davis.

Skuta segla[2. desember 1911 mot Macquarieøya, som ligg halvvegs mellom Australia og Antarktika. Ho kom fram ni dagar seinare etter ei stormfull kryssing. Eit hjelpeskip, «Toroa», følgde etter med forsyningar og passasjerar. Etter reise frå Macquarieøya 23. desember starta «Aurora» utforsking av kyststrekninga og oppdaga og namngav King George V Land og Queen Mary Land.

Blant eksepdisjonsmedlemmane deltok Frank Hurley som offisiell fotograf, Frank Wild som leiar for den vestlege leiren, Charles Hoadley som geolog og Cecil Madigan som meteorolog.

Leirar[endre | endre wikiteksten]

Commonwealth Bay har seinare vorte skildra som «den mest stormfulle kysten på jorda».
Foto: Frank Hurley

Ekspedisjonen etablerte hovudleiren sin ved Cape Denison i Samveldebukta. Leiren var vinterkvarter for atten menn gjennom vinteren 1912, vinteren etter for sju. Hyttene finst der framleis – to intakte og to i ruinar. Dei oppførte òg to feltstasjonar: ein støytte- og reléstasjon på Macquarieøya og ein vestleg leir på Shackleton isbrem.

Plasseringa Mawson valde for hovudleiren viste seg å vere ein av dei mest forblåste plassane på jorda. Den lokale geomorfologien, med den steile gradienten mellom polarplatået og Sørishavet, skapar tilhøve som gjev nesten kontinuerlege karabatiske vindar.

Mannskapa ved dei tre stasjonane gjennomførte rutinemessige vitskaplege og meteorologiske observasjonar som vart detaljert nedteikna i dei omfattande ekspedisjonsrapportane, som ikkje vart publisert før 1922–1942. Dei overvann òg månader med utstyrsproblem då dei omsider fekk etablert det første trådlause radiosambandet frå det antarktiske kontinentet, kopla til Hobart via Macquarieøya.

Sledeturar[endre | endre wikiteksten]

Sledeturar langs kysten og i innlandet førte deltakarane til hittil ukjent land. I det siste halvåret av 1912 var det fem lengre turar frå hovudleiren og to frå den vestlege leiren.

Mawson sjølv deltok i eit tremanns sledelag med Xavier Mertz og løytnant B.E.S. Ninnis som sette kursen austover 10. november 1912 for å undersøkja King George V Land. Etter tre veker med ypparleg framdrift kryssa dei ein isbre, då Ninnis fall gjennom ein snødekt bresprekk. Seks hundar, mesteparten av matrasjonane, teltet og anna utstyr dei trong forsvann i djupet, 480 km unna basen på Cape Denison. Mertz og Mawson observerte éin død og éin skadd hund på ein avsats 150 meter ned, men det var ingen teikn til Ninnis.[1]

Mawson og Mertz visste at skipet ville dra frå basen på ein fastsett dato og at dei med lite forsyningar og hundar ville ha problem med å nå avreisa. Dei vende tilbake umiddelbart, og dei knappe forsyningane deira tvinga dei til å ete dei få gjenverande hundane. Mertz vart ute av stand til å gå vidare, og i eit forsøk på å få han til hektene igjen, fôra Mawson han med hundelever. Han var uvitande om at det høge Vitamin A-innhaldet i hundelever kan vere særs helseskadeleg og føre til hypervitaminose A, og Mertz døydde kort tid etter. Mawson forsette åleine med éin av sledane som han hadde delt i to. Med sleden lasta med geologiprøvar og minimalt med mat, gjekk han dei 160 siste kilometrane tilbake til Cape Denison. Under denne reisa fall han i ein sprekk, men vart redda av at sleden vart hengjande igjen på overflata. Då Mawson endeleg nådde fram til Cape Denison 8. februar 1913, uttalte den første som møtte han: «Gode Gud, kven av de er du?»[2]

Det var likevel berre timar sidan «Aurora», som skulle hente ut ekspedisjonsdeltakarane, hadde drege frå Cape Denison. Skipa vart tilbakekalt over trådlaust samband, men kom ut for uvêr som hindra henne i å gå tilbake. Mawson og seks andre menn som hadde vorte igjen for å vente på sledelaget til Mawson vart difor nøydde til å overvintre ein sesong til, fram til desember 1913.

To av breane som vart kryssa av sledelaget til Mawson, Ninnisbreen og Mertzbreen, har vorte namngjevne etter dei to omkomne deltakarane.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Sidan leiaren av ekspedisjonen sjølv var geolog, var undersøkingar av isfrie stein- og fjellformasjonar i Wilkes Land ein av hovedaktivitetane til ekspedisjonen.

Ekspedisjonen var den første som oppdaga ein meteoritt, ein kondritt, i Antarktika. I det påfølgjande hundreåret har det vore gjort ei rekkje meteorittfunn i denne regionen av Antarktis.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Det har i ettertid vorte spekulert i om grunnen til at Mawson overlevde var at han åt liket til Mertz for å få næring, Mawson nekta naturleg nok på dette. I november 2007 sende Channel 4 eit program, When Hell Freezes, der ein gjenskapte tilhøva som Mawson og Mertz opplevde. Resultata kunne tyde på at Mawson kunne overlevt utan at han måtte ha tydd til kannibalisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.south-pole.com
  2. Bickel, Lennard (2000): Mawson's Will: The Greatest Polar Survival Story Evar Written, Hanover, New Hampshire: Steerforth Press. ISBN 1-58642-000-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]