Australian National Airways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Australian National Airways var eit australsk flyselskap som var verksamt frå 1930 til 1931.

Selskapet vart grunnlagt i 1929 av Charles Kingsford Smith og Charles Ulm. Det byrja operera i januar 1930. Ved oppstarten vart det skaffa fem Avro 618 Ten, tre-motors fly tilsvarande [Kingsford Smith]] sitt kjende «Southern Cross». Selskapet starta med flyginar på rutene Sydney-Brisbane og Sydney–Melbourne,

Allereie etter eit års drift måtte selskapet avviklast. I løpet av den korte tida hadde to av flya havarert, begge i 1931, eit i mars 1931 i Britisk Malaysia og eit anna i november 1931 i Dei australske alpane.

Flåte[endre | endre wikiteksten]

VH-UMF Southern Cloud (havarert mars 1931)
VH-UMG Southern Star
VH-UMH Southern Sky
VH-UMI Southern Moon
VH-UNA Southern Sun (havarert november 1931)

Då selskapet vart oppløyst vart «Southern Moon» kjøpt av Ulm som modifiserte flyet for langdistanseflygingar. Dei to andre vart selde til eit anna australsk selskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]