Hopp til innhald

Australmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Australmåse
Australmåse
Australmåse
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Chroicocephalus
Art: Australmåse C. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Chroicocephalus novaehollandiae

Australmåse (Chroicocephalus novaehollandiae) er ein medlem av måsefamilien som lever i Oseania. Han er den vanlegaste måsen i Australia, men er også vanleg på New Zealand. Arten finst over heile kontinentet, særleg langs kystområda. Han er mindre enn tjukknebbmåse (Larus pacificus), som òg lever i Australia.

Verdas naturvernunion IUCN, reknar arten som livskraftig med litt aukade populasjon.[1]

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Arten har tradisjonelt vore plassert i slekta Larus, slik som mange andre måsar, men er no plassert i slekta Chroicocephalus. Namibmåse (C. hartlaubii) frå Sør-Afrika vart tidlegare stundom rekna som ein underart av australmåsen.

Det er skildra tre underartar:

  • C. n. forsteri (Mathews, 1912) – nord og nordaust i Australia, Ny-Caledonia, Loyautéøyane
  • C. n. novaehollandiae (Stephens, 1826) – sørlege Australia og Tasmania
  • C. n. scopulinus (Forster, JR, 1844), òg kalla nyzealandmåse – New Zealand

Hovudet, kroppen og stjerten hjå vaksne australmåsar er kvite, medan vengene er lysgrå med svarte spissar som har kvite flekker. Vaksne fuglar er 38-43 cm lange og har ein kroppsmasse på 195–430 gram. Beina og nebbet er raude.[2]

Ungfuglar har brune mønster på vengene og mørkt nebb.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Australmåsen finst i alle delstatar i Australia, samt på New Zealand og Ny-Caledonia. Arten er vanleg nær menneskelege busetnader og strender, har tilpassa seg godt til urbane miljø, og trivst kring kjøpesenter og på søppelfyllingar.[2] Den gode tilpassinga til menneskeskapte habitat har ført til vekst i bestandane i område med menneskeleg aktivitet.[treng kjelde]

Australmåsen har ei skarp stemme med fleire ulike læte. Det vanlegaste er eit hardt, skarpt «kwarwh».

Kosthaldet er skildra som opportunistisk, fuglen lever naturleg av virvellause dyr, fisk, insekt, krepsdyr, fugleegg og frø. Han opptrer ofte kleptoparasittisk. Han er ein dugande åtseletar, noko som har ført til auka bestandar nær busetnader. Arten er kjent for å utnytte fiskeavfall og matrestar etter menneske, han kan òg beite på nypløgde åkrar.[1][2]

Hekking er registrert i alle månader, som regel i store koloniar per registrert på øyar utanfor kysten. Reiret vert bygd på bakken av tang, røter og plantedelar, men kan òg plasserast i låge buskar opptil 2,5 meter over bakken. Vanleg kullstorleik er tre egg, underarten på New Zealand to egg. Ofte vert to kull fostra opp per år, og begge foreldra deltek i reirbygging, ruging og mating.[2]

Referansar
  1. 1 2 BirdLife International. (2018). «Larus novaehollandiae». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T62021891A132670177.en. Henta 18. september 2025.
  2. 1 2 3 4 Burger, J.; Gochfeld, M.; Kirwan, G. M.; Garcia, E. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Silver Gull (Chroicocephalus novaehollandiae), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.silgul2.01.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Australmåse