Hopp til innhald

Australsk kelpie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Australian kelpie

Australsk kelpie er ein hunderase som vert brukt som gjetarhund. Til forskjell frå australsk gjetarhund stammar han frå Australia, og ætter særleg frå skotske colliar.[1] Kelpie er blitt spesielt utvikla til gjeting, og har i oppgåve å gjeta husdyr.[2] Australsk kelpie blir i dag brukt ei rekkje stader i verda til å samla og vakta flokkar av sau, geit og storfe. Ein skil mellom arbeidshundar som blir avla for gjetareigenskapane sine, og utstillingshundar som blir avla for utsjånaden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Australian Working Kelpie». Burke's Backyard. Henta 15. januar 2015. 
  2. «Australsk kelpie», hunderase.no
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.