Den australske regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Australsk region)
Den australske økosonen slik som definert av WWF[1]

Den australske regionen er ein biogeografisk region som inkluderer Australia, New Zealand, øya Ny-Guinea og mange av dei små øyane i området, hovudsakleg i den austlege delen av Indonesia. Han er ein av dei åtte biogeografiske sonane kloten vert delt opp i.

Biologisk sett, deler den australske regionen ein felles evolusjonær historie og har biotopar for mange felles unike plantar og dyr. Nokre er vanlege i heile området, medan andre er spesifikke for visse delar, men deler eit felles opphav. Det biologiske skiljet mellom Australasia og Asia er Wallace-linja, som representerer grensa mellom to tektoniske plater. Sulawesi og Lombok ligg austom linja, og Borneo og Bali ligg vest for ho.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Australasia ecozone». World Wildlife Fund. Arkivert frå originalen 7. oktober 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]