Australske urfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delegatar frå Vest-Australia ved Uluru Convention 2017.

Australske urfolk er folkegrupper med avstamming frå og/eller anerkjend tilhøyre til folk som heldt til i territoriet til dagens Australia før den britiske kolonialiseringa.[1][2] Dei består av to ulike hovudgrupper som omfattar mange undergrupper: Aboriginarar på fastlandet og mange øyar, inkludert Tasmania, og Torres Strait Islanders frå området mellom Queensland og Papua Ny-Guinea, som ligg i Melanesia. [3] I dag føretrekk ein å nytta nemninga Aboriginal og Torres Strait Islander peoples om gruppa som heilskap, eller den spesifikke kulturelle gruppa til ein person. Det finst òg auka bruk av omgrepa First Nations of Australia, First Peoples of Australia og First Australians.[3] 812 728 menneske identifiserte seg som å ha opphav som aboriginar og/eller Torres Strait Islander ved den australske folketeljinga i 2021, noko som representerte 3,2 % av den totale folkesetnaden i Australia. Av desse urfolka i Australia var 91,4% identifiserte som aboriginarar, 4,2% identifisert Torres Strait Islander og 4,4 % identifiserte tilhøyre til begge gruppene.[4] Siden 1995 har det australske aboriginarflagget og Torres Strait Islander-flagget vore offisielle australske flagg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergkunst frå Anbangbang Rock Shelter i Kakadu nasjonalpark nord i Australia.

Kva tid dei fyrste menneska kom til Australia har lenge vore gjenstand for diskusjon og forsking. [5] Dei eldste klart identifiserbare menneskelege leivningane som er funne i Australia er dei av Mungo Man LM3 og Mungo Lady, som er daterte for til rundt 40 000 år sidan, sjølv om urfolk i Australia truleg har budd i Australia i over 65 000 år. Stigande sjøvatn etter den siste istida førte til ei fråskiljing frå resten av verda i fleire tusenår, og den australske folkesetnadene utvikla ei rekkje ulike regionale kulturar og språk, ulike kunstneriske og religiøse tradisjonar, og påverka miljøet på kontinentet på ei rekkje måtar gjennom jakt, kulturell brenning og moglegvis innføring av hunden. Ein utvikla teknologiar for krigføring og jakt som bumerang og spyd, og musikalske instrument som didgeridoo.

Sjølv om det er ei rekkje kulturelle likskapar mellom dei ulike innfødde gruppene i Australia, er det òg stort mangfald mellom ulike samfunn.[6] Ved folketeljinga i Australia i 2022 blei det registrert 167 aboriginar- og Torres Strait Islander-språk brukt heime hjå rundt 76 978 urfolk.[4] På tida då den europeiske kolonialiseringa fann stad, reknar ein med at det var over 250 aboriginarspråk. I dag blir nesten alle gjenverande aboriginarspråk, bortsett frå 13, rekna som truga.[7] Aboriginarfolk i dag snakkar snakkar mest engelsk, med aboriginarord og -frasar. I lag med ein fonologi og grammatisk struktur påverka av aboriginarspråk skapar desse Australian Aboriginal English. Rundt tre fjerdedelar av australske stadnamn er av aboriginaropphav.[8]

Den innfødde folkesetnaden før den europeiske koloniseringa var liten, med estimat for det totale folketalet som varierer frå 318.000[9] til over 3.000.000.[10] Fordelinga i landet likna den noverande australske folkesetnaden, med majoriteten busett i søraust, rundt Murray-elva.[11] Den fyrste gruppa britiske busetjarar, den såkalla First Fleet, kom med ordre om å «leva i vennskap og godskap» med aboriginarane.[12] Med busetjinga følgde likevel eit kraftig fall i folketalet, hovudsakleg på grunn av sjukdom,[13] fyrst med ein kopparepidemi som spreidde seg tre år etter at europearane kom. Massakrar og grensekonfliktar som involverte europeiske busetjarar bidrog òg til avfolking.[14] Frå 1800-talet til midten av 1900-talet førte offisiell politikk til at mange barn av blanda opphav blei fjerna frå aboriginarsamfunn, noko som blei funne å vera folkemord i rapporten Bringing Them Home frå 1997.[15]

Regionale grupper[endre | endre wikiteksten]

Aboriginargrupper[endre | endre wikiteksten]

Aboriginske bønder i Victoria i 1858.
Robert Hawker Dowling, Group of Natives of Tasmania, 1859

Det breie omgrepet «aboriginarar» omfattar mange regionale grupper som kan identifiserast under namn basert på lokale språk, lokalitet, eller kva dei blir kalla av nabogrupper. Nokre samfunn, kulturar eller grupper kan inkludera andre eller overlappa med dei; det har også funne stad betydelege endringar har skjedd i generasjonane etter koloniseringa. Grupper kan identifisera seg etter slektskap, språk eller tilhøyre til ein bestemt sted eller «land». Ein fellesskap kan ha særskilde kulturelle verdiar, og einskildpersoner kan i teorien tilhøyra ei rekkje samfunn i Australia; identifisering innan dei kan godtakast eller avvisast. Eit enkeltsamfunn kan identifisera seg med mange namn, som alle kan ha ulike engelsk stavemåtar.

Nokre døme på folkegrupper er anangufolk i nordlege Sør-Australia og tilstøytande område i Vest-Australia og Nord-Territoria; arrerntefolk i sentrale Australia; koorifolk i New South Wales og Victoria; gooriefolk (variantuttale og stavemåte av koori) i Søraust-Queensland og nokre delar av nordlege New South Wales; murri brukt i delar av Queensland og nordlege New South Wales der ein ikkje bruker spesifikke kollektive namn; tiwifolkTiwiøyane utanfor Nordterritoriet; og palawahfolkTasmania. Dei største aboriginalsamfunna - pitjantjatjara, arrernte, luritja og warlpiri - er alle frå sentrale Australia.

Gjennom historia til kontinentet har det vore mange ulike grupperingar av aboriginarar, kvar med sine eigne språk, kulturar og trusstrukturar. På tida då britar busette seg på kontinentet fanst det over 200 ulike språk.[16]

Torres Strait Islanders[endre | endre wikiteksten]

Kart av øyane i Torres Strait Islands

Folket på øyene i Torres Strait har ein kulturarv og historie som skil seg frå dei aboriginske tradisjonane. Særleg dei austlege øyane i Torres Strait er folkesette av papuaniske folkeslag frå Ny-Guinea, og talar papuaspråk.[17] Difor er dei generelt ikkje inkludert under betegninga «aboriginal australianer». Seks prosent av dei innfødde australiarane identifiserer seg fullt ut som Torres Strait Islander. 1 % til av innfødde australiarar identifiserer seg som å ha både Torres Strait Islander og aboriginaravstamming.[18]

Andre grupperingar[endre | endre wikiteksten]

Aboriginarar Torres Strait Islander-folk kan også visa til seg sjølv med skildringar som er knytte til miljøet deira, som saltvatn-folk (saltwater people) for kystbuarar (inkludert Torres Strait islander-folk[19]),[20][21][22][23][24] ferskvassfolk,[25][26] regnskogsfolk,[27][28][29] ørkenfolk[30][31][32] eller spinifex-folk[33] (sistnemnde viser til Pila Nguru i Vest-Australia).[34] [35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Our Country». Aboriginal Australian Art & Culture. n.d. Henta 4 November 2020. 
  • Wilson, Ronald (1997). Bringing them home: Report of the National Inquiry into the Separation of Aboriginal and Torres Strait Islander Children from their Families. Sydney: Commonwealth of Australia. s. 275. ISBN 978-064226954-6. 
  • «Home». Indigenous Desert Alliance. Henta 4 November 2020. 
  • Kennedy, Brian; Kennedy, Barbara (1992). Australian Place Names. Hodder & Stoughton. 
  • McGregor, R. (December 2016). «Making the Rainforest Aboriginal: Tindale and Birdsell's foray into deep time». Memoirs of the Queensland Museum – Culture (Brisbane) 10: 9–21. ISSN 2205-3220. doi:10.17082/j.2205-3239.10.2016-02. 
  • Ogden, John (23. april 2013). Saltwater People. (Interview). RN. Henta 4. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Australske urfolk