Austre Moland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Austre Moland er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke. Han vart oppretta som Austre Moland formannskapsdistrikt i 1837 og omfatta då Austre Moland, Barbu og Tromøy.

Frå 1. mai 1878 fekk dei tre områda status som sjølvstendige kommunar. Austre Moland hadde då 2 524 innbyggjarar.

  • 1. juli 1919 vart det ei ny deling då Stokken vart utskild som eigen kommune. Resten av Austre Moland kommune hadde då 1 289 innbyggjarar.
  • 1. januar 1962 vart Austre Moland, Flosta, Stokken og Strengereid krins i Tvedestrand kommune slegne saman til ein ny storkommune som fekk namnet Moland kommune.
  • 1. januar 1964 vart området Holtegården (5 innbyggjarar) i Moland (tidlegare Austre Moland) overført til Tvedestrand kommune.