Austromarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Βασιλεία Ῥωμαίων
Basileia Rhōmaiōn
Imperium Romanum
Austromarriket
Rike
Vexilloid of the Roman Empire.svg
3301453
Flagg Våpen
Flagget til det seinare riket[1] Keisarleg emblem
(Palaiologoi)[2]
Plasseringa til Austromarriket
Austromarriket på sitt største under Justinian. om lag. 550.
Hovudstad Konstantinopel¹
Språk latinsk fram til 600-talet, så gresk
Religion Kristendom (fram til 1054), austleg ortodoks kristendom (etter 1054)
Styreform Monarki
Keisar Konstantin den store
 - 1449–1453 Konstantin XI
Lovgjevande forsamling Det bysantinske senatet
Historisk periode Mellomalderen
 - Grunnlegginga av Konstantinopel² 330
 - Aust-vest-skisma 1054
 - Konstantinopel fell under det fjerde krosstoget 1204
 - Gjenerobring av Konstinopel 1261
 - Konstantinopel fell 29. mai 1453
Innbyggjarar
 - 300-talet est. 34 000 000 
 - 780 est. 7 000 000 
 - 1025 est. 12 000 000 
 - 1143 est. 10 000 000 
 - 1281 est. 5 000 000 
Valuta Solidus, Hyperpyron
Føregjengar
Etterfølgjarar
Vexilloid of the Roman Empire.svg Romarriket
Det osmanske riket Flag of the Ottoman Empire (1453-1517).svg
Trapezunt Blank.png
Despotatet Morea Blank.png
Hertugdømet Naxos Armoiries Naxos.svg
Nigropont Blank.png
Kongedømet Kypros Armoiries Chypre.svg
Hertugdømet Aten Duchy of Athens de la Roche.png
¹ Konstantinopel (330–1204 og1261–1453). Hovudstaden i Keisarriket Nikea, riket etter det fjerde krosstoget, var Nikea, i dag İznik i Tyrkia.
² Grunnleggjinga vert vanlegvis rekna som nygrunnleggjinga av Konstantinopel som hovudstad i Romarriket, men andre datoar vert òg nytta.
Kart over Austromarriket til ulike tider.

Austromarriket, Det bysantinske riket eller Bysants (latin Imperium Romanum Orientis, gresk: Βασιλεία Ῥωμαίων) var den austlege av dei to delane Romarriket blei delt inn i som ei følgje av keisar Diokletian sine omfattande administrative reformer. I eitt hundreår etter Diokletian si tid blei framleis dei to delane sedde på som eitt keisarrike. Etter at Theodosius den store døydde i 395 blei kløyvinga endeleg. Austromarriket synte seg å vera meir stabilt enn den vestlege delen, og varte i nesten tusen år etter at Vestromarriket fall i 476. I løpet av Justinian I si regjeringstid (som starta i 527), blei store delar av Vestromarriket erobra. Ein klarte ikkje å halde det store riket saman. Etterfølgjarane i det justinske dynastiet måtte sjå at riket gjekk inn i ei nedgangstid. Keisarriket fekk ei ny stordomstid mellom slutten av 800-talet og starten av 1000-talet, der tapte område blei attvunne. Seinare gjekk riket attende i og med invasjonar av krossfararane og osmanarane. Hovudstaden Konstantinopel blei teken av sultan Mehmet II i 1453. Med dette blei Austromarriket oppløyst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tetrarkiet[endre | endre wikiteksten]

Delinga av Romarriket tok til med tetrarkiet (firarstyret) mot slutten av det tredje hundreåret. Etter hundre år med borgarkrig kom Diokletian fram til at riket trong radikale endringar for å bli stabilt igjen. Han innførte ei rekkje omfattande reformer som skulle gjera styret av det enorme keisarriket meir effektivt. Det blei delt i to, pars Orientis (aust) og pars Occidentis (vest)) med ein keisar (Augustus) kvar. Desse delane var igjen delt i to prefektur, og kvar augustus hadde ein yngre cæsar under seg. Men tetrarkisystemet blei for innvikla, og det baserte seg på at dei etterfølgjande augustusane og cæsarane følgde spelereglane, noko som skulle vise seg å vera ønsketenking frå Diokletian. Etter at Diokletian og medkeisaren Maximian abdiserte i 305 til fordel for cæsarane sine, tok systemet raskt til å falle frå kvarandre igjen, og ein ny borgarkrig tok til. Dei neste 90 åra blei riket samla, delt og samla igjen fleire gonger, inntil den endelege kløyvinga etter at Theodosius den store døydde.

Konstantin den store klarte i 324 å samle heile riket under seg, og valde å flytte hovudstaden sin bort frå Roma og senatet. Han valde den strategisk lokaliserte greske byen Bysants, Konstantin lét byggje ein ny by rundt den gamle og kalla han Nova Roma (Nye Roma). Namnet slo aldri an og byen blei på folkemunne kalla Konstantinopel (gr. Κωνσταντινούπολις), «Konstantin sin by». Konstantin var sannsynlegvis den første kristne keisaren. Religionen som hadde blitt så valdeleg forfølgd under Diokletian blei ein tillaten religion. Den auka etter kvart sin innverknad blant elitane i keisarriket, bortsett frå eit lite mellomspel med den heidenske keisaren Julian, og blei under Theodosius den store innført som statsreligion.

Austromerriket si tidlege historie[endre | endre wikiteksten]

Den endelege delinga av Romarriket kom ved keisar Theodosius den store sin død i 395, riket blei da delt mellom hans to søner, Arcadius og Honorius. Arcadius blei keisar i aust med Konstantinopel som hovudstad, medan Honorius blei keisar i vest med hovudstad i Ravenna. Dei enorme problema som no møtte Vestromarriket, med dei germanske folkevandringane, blei for det meste unngått av det austlege riket. Gjennom det 5. hundreåret blei Vestromarriket gjentekne gonger invadert, og fleire germanske kongedømme blei etablert i område som Roma hevda overherredømme over, og i 476 blei den siste vestromerske keisaren Romulus Augustus avsett.

Theodosius II forsterka forsvarsverket rundt Konstantinopel, og byen blei verande ikkje innteken heilt til 1204. Theodosius valde å gje etter for hunaren Attila sitt krav om tributt i gull, i staden for å prøve å stå imot eit invasjonsforsøk. Han såg det au som ønskjeleg å skapa handel mellom hunarane og Konstantinopel. Etterfølgjaren hans, Marcian, nekta derimot å halde fram med betalinga av denne massive tributten. Men Attila døydde i 453 og riket imploderte i intern krigføring, dette medførte at Konstantinopel var frigjord frå den overhengande faren for invasjon. Etter dette blei tilhøvet stadig betre mellom Austromarriket og dei attverande hunarane, og hunarar blei etter kvart tekne inn som foederati i den austromerske hæren.

I 468 freista keisar Leo I utan hell å gjenerobre Nord-Afrika frå vandalane. Vestromarriket hadde på denne tida berre kontroll over Italia. Britannia fall til anglarane og saksarane, Hispania fall til Visigotarane, Afrika til vandalane og Gallia til frankarane. Leo var den første keisaren som blei krona av patriarken i motsetning til ein general eller ein offiser som var romersk tradisjon. Denne vanen blei etter kvart ein tradisjon, og i mellomalderen tok dei religiøse trekka av kroninga fullstendig over. I tida etter Attilas fall var den sanne herren av Konstantinopel ikkje keisaren, men den alanske generalen Aspar. Men Leo klarte å frigjera seg frå makta til Aspar ved å favorisere eit opprør blant ein halvbarbarisk stamme i Sør-Anatolia, kalla isauriene. Som eit ledd i alliansen med isaurane gifte Leo bort dottera Ariadne til isauraren Tarasicodissa, som seinare tok namnet Zeno. Opprøret enda med at Aspar og sonen Ardabur blei drepne i 471. Etter dette var Konstantinopel fri for utanlandsk innverknad i fleire hundre år. Da Leo døydde i 474, blei han etterfølgd av Ariadne og Zeno sin son Leo II, med Zeno som regent. Da Leo døydde seinare same året blei Zeno krona som ny keisar. Året etter blei Zeno avsett av generalen Basiliscus, som hadde leidd Leo I sitt invasjonsforsøk i Afrika. Men Basiliscus klarte ikkje å halde på makta, og tjue månader seinare klarte Zeno å vinne att trona. Zeno møtte no motstand frå to av sine tidlegare allierte, isaurane Illo og Leontius, som begge no kravde keisartittelen.

Samtidig i Vesten hadde Odovakar avsett keisar Romulus Augustus og innsett seg sjølv som konge av Italia. For å vinne Italia tilbake sende Zeno sin allierte, den austgotiske kongen Teoderik den store, mot Roma. Teoderik sigra over Odovakar i 493 og etablerte eit austgotisk kongedømme i Italia, formelt på vegner av den austromerske keisaren, men praktisk sett uavhengig. Teoderik bygde opp kongedømmet til å bli datida sitt mektigaste germanske rike, men etterfølgjarane hans lét dette kongedømmet si makt forfalle.

I 491 døydde Zeno og blei etterfølgd av Anastasius I, som gifte seg med Ariadne, Zeno si enkje. Isaurarane, under Zeno sin bror Longinus, gjorde opprør mot den nye keisaren. Anastasius klarte raskt å slå ned opprøret, men isaurrane heldt fram med å kjempe, med geriljakrigføring frå dei isauriske fjella heilt fram til 496. Anastasius viste seg å vera ein energisk reformator, spesielt innanfor finanssystemet. Han utvikla Konstantin sine monetære system, og gjennomførte eit nytt skattesystem som gjorde at statskassa var overfylt da han døydde.

Justinian den store[endre | endre wikiteksten]

Justinian I (527–565)

Etter Anastasius sin død blei Justinus I utropa til ny keisar, sjølv om han var mesta 70. Den nye keisaren sin nevø Justinian I kom no fram som den som hadde effektiv kontroll. Justinian var son av ein bonde frå Illyria, men blei seinare adoptert av Justin. Justinian oppdaterte dei gamle romerske lovene med det nye lovverket «Corpus Juris Civilis». Sjølv om lovene framleis blei skrivne på latin, var dette språket no arkaisk og få skjøna det, sjølv blant dei lærde som forfatta dei nye lovene. Kyrkja Hagia Sofia (heilag visdom) blei bygd på 530-talet, denne kyrkja skulle bli senteret for den ortodokse kyrkja og for det religiøse livet i Austromerriket. 500-talet var au ei tid med høgverdig kultur, og sjølv om Justinian stengde universitetet i Aten, produserte denne tida store personlegdommar som poetane Nonnus og Paulus Silentiarus, historikaren Procopius, naturfilosofen Johannes Philoponos og fleire.

I 532 sikra Justinian freden i aust ved å inngå ein «evig fred»-avtale med sassanidekongen Khosrau I, ein avtale som kravde at romarane betalte ein monaleg årleg tributt til Persia. Justinian blei driven fram av ein draum om å gjen-etablere Romarriket sitt herredømme over middelhavsområdet, og med hjelp frå dugande generalar som Belisarius og Narses klarte han å mellombels vinne att store delar av dei tapte romerske provinsane i Vesten. Han erobra store delar av Italia, Nord-Afrika, og mindre område sør i Hispania. Erobringane hans starta i 533 da han sende Belisarius til Afrika med ein liten hær på 18 000 mann. Vandalkongeriket var på denne tida mykje svakare enn det var da Leo I freista å ta dei i 468, og Kartago overgav seg etter berre eit par mindre samanstøytar. Belisarius vende tilbake til Konstantinopel i triumf, og med den siste vandalkongen Gelimer som fange. Men motstanden mot romarane i Nord-Afrika var enda ikkje heilt knekt, det var ikkje før i 548 at dei siste lokale stammane la ned opprøret mot Konstantinopel.

I 535 sette Justinian i gang sitt mest ambisiøse prosjekt; gjenerobringa av Italia som på denne tida framleis var under austgotarane. Ein mindre hær blei send over land, gjennom Dalmatia, medan hovudstyrken blei frakta over havet, igjen leidd av Belisarius. Han landa først på Sicilia og erobra øya lett. Marsjen gjennom det italienske fastlandet viste seg au å vera utan stor motstand, Napoli, Roma og hovudstaden Ravenna fall ein etter ein. Gotarane var tilsynelatande slegne, og Justinian kalla Belisarius tilbake til Konstantinopel i 541. Belisarius bringa også denne gongen ein fanga konge heim til keisaren; austgotaren Witiges. Austgotarane og deira allierte klarte snart å gjenforeine seg under Totila sin kommando.

Dei følgjande gotiske krigane var ein utmattande serie av omlægringar, slag og tilbaketrekkingar som åt opp det meste av både romerske og italienske ressursar, og gjorde store delar av Italia fattig. Det såg ut som om romarane stod i fare for å miste alle områda dei hadde vunne, ettersom dei ikkje hadde forsynt troppane med tilstrekkjeleg finansiell og logistisk støtte. Justinian mista tiltrua til Belisarius og beordra han tilbake til hovudstaden. Sommaren 552 sende Justinian ein ny hær på 35 000 mann som forsterkningar, under leiing av evnukken Narses. Totila blei slegen og drepen i slaget ved Busta Gallorum, og etterfølgjaren Teias blei likeeins slegen i slaget ved Mons Lactarius.

Sjølv om nokre mindre gotiske garnisonar heldt fram med å gjera motstand, og trass i to seinare invasjonsforsøk av frankarar og alemannarar, var krigen om gjenerobringa av Italia no over. Justinian heldt fram med utvidinga av keisarriket ved å leggje under seg alle øyane i Middelhavet, i tillegg til at han klarte å vinne ein mindre del av Spania frå visigotarane.

Austromarriket ca. 550, Justinian I sine erobringar er farga grønt.

Ved å prioritere erobringane i Vesten lét Justinian dei austlege delane av riket stå nesten utan vakthald, sjølv om han hadde bygd mange store festningsverk langs grenselinene. Khosrau hadde så tidleg som i 540 brote fredsavtalen og plyndra Antiokia. Det einaste Justinian kunne gjera for å stoppe han var å godta ein auke i den årlege tributten.

Slaviske folkeslag hadde allereie under Justin si regjeringstid kryssa grensa til Romarriket og plyndra Balkan, dei fekk no fordel av at vakthaldet på grensa hadde blitt kraftig uttynna og slavarane nådde heilt ned til Korintbukta. Slavarane invaderte Thrakia i 545 og i 548 angreip dei Dyrrachium, ei viktig hamn ved Adriatarhavet. I 550 klarte sclaveniane å komma så nært som 65 kilometer frå sjølvaste Konstantinopel. 559 såg Austromarriket ute av stand til å slå tilbake ein større invasjon frå kutrigurane og sclaveniane, og slavarane nådde heilt fram til Konstantinopel sine forstader. Romarane klarte etter kvart å jaga slavarane tilbake over Donau, men romersk kontroll over Balkan hadde blitt sterkt svekt, og over dei neste åra skulle han bli nesten totalt overkøyrt. Kort tid etter Justinian sin død i 565 vann langobardane kontroll over det meste av Italia. Visigotarane erobra Cordoba, romarane sitt hovudområde i Spania, først i 572 og igjen i 584, og dei siste romerske områda i Spania blei tapte i løpet av dei neste tjue åra. Slavarane invaderte Thrakia og Illyria igjen i 577, med ein horde på vel 100 000. Sirmium, den viktigaste romerske byen ved Donau, gjekk tapt i 582, men Austromarriket klarte å halde kontroll over grenseelva, sjølv om mykje av territoria innanfor var i hendene på barbarane. Samtidig stod tyrkarane fram på Krimhalvøya.

Justinian sin etterfølgjar, Justinus II, nekta å betala tributt til persarane, og dette resulterte i ein lang krig med sassanidane som varte gjennom regjeringstida til etterfølgjarane hans, Tiberius II og Mauricius Tiberius, og som fokuserte på kontroll over Armenia. Heldigvis for romarane braut det ut borgarkrig i Persia, og Mauricius kunne ta fordel av sitt vennskap med den nye kongen, Khosrau II som Mauricius hadde hjelpt til å vinne trona, og ein ny fredsavtale blei inngått i 591. Avtalen delte Armenia mellom dei to stridande stormaktene.

Mauricius reorganiserte dei romerske områda i Vesten i to eksarkat, Ravenna og Kartago, og han gjorde det mogleg for dei å forsvara seg sjølve og delegerte makt til dei lokale sivile autoritetane. Avarane og bulgararane overvelda Balkan, og tidleg på 600-talet erobra sassanidane Egypt, Palestina, Syria og Armenia. Persarane blei seinare slegne og territoria vunne tilbake av den austromerske keisaren Herakleios i 627. Men dei sameinte muslimske arabarane gjorde no sitt inntog, og det svekte Austromarriket kunne ikkje hindre at dei sørlege provinsane blei overkøyrte. Romarane sitt mest katastrofale tap i denne perioden var slaget ved Jarmuk i Syria. Herakleios og dei militære rådgjevarane hans var trege til å svara mot denne nye trusselen, og Mesopotamia, Syria, Egypt og Afrika blei innlemma inn i det veksande muslimske riket.

Lombardane heldt fram med å utvide området sitt i Nord-Italia, Liguria fall i 640 og resten av eksarkatet Ravenna fall i 751. Dei romerske områda i Italia var etter dette innskrenka til nokre små kystområde i Sør-Italia og nokre halvt sjølvstendige byar som Venezia, Napoli, Amalfi og Gaeta.

Forfall og gjenreising[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket før Leo III, ca. 717

Austromarrikets tap av territorium og den vedvarande trusselen frå fiendane deira, gjorde det naudsynt med nye politiske reformer, og ein prosess blei sett i gang der makta blei meir og meir konsolidert i keisaren sine hender.

Det latinske språket hadde aldri fått fotfeste i den austlege halvdelen av Romerriket, men det blei framleis bruka som offisielt språk fram til Herakleios fullførte helleniseringa av riket ved å gjera gresk til det offisielle språket, i staden for latin. På denne måten braut keisaren med riket sin romerske herkomst, sjølv om dei framleis kalla seg romarar og keisarriket for Romarriket (namnet Austromarriket var lite i bruk etter Vestromerriket fall). Latinske titlar som Augustus blei avskaffa og Herakleios tok den greske tittelen Βασιλευς (Basilevs, gresk for konge/herskar). I perioden etter Herakleios blir Austromarriket ofte kalla Det bysantinske riket sidan det no var meir hellensk enn romersk.

Kristne vanar og tradisjonar og religiøse uttrykk hadde på denne tida drastisk endra dagleglivet til innbyggjarane i keisarriket, i sterk kontrast til det heidenske oldtids Romarriket. Innanfor kristendommen hadde det vakse fram eit skilje mellom den monofysittiske i dei sørlege provinsane og den kalkedonske ortodokse i dei nordlege. Tapet av dei sørlege provinsane til arabarane gjorde at ortodoksien blei styrkt i det resterande keisarriket.

Konstans II delte riket inn i eit nytt system med militære provinsar kalla thémata (tema) i eit forsøk på å gjera det lettare for dei enkelte provinsane å forsvara seg mot den konstante trusselen om invasjon. Utanfor hovudstaden minka dei urbane sentra, medan Konstantinopel sjølv voks til å bli den største byen i den kristne verda. Fleire arabiske forsøk på å ta Konstantinopel blei slegne tilbake av den framleis overlegne romerske flåten. Romarane sitt monopol på gresk eld, deira sterke forsvarsverk, den overlegne taktikken til generalane deira og dugleiken til soldatkeisarar som Leo III gjorde at dei hadde eit overtak når det gjaldt å forsvara kjerneområda sine. Subsidiering av frie bønder til å verve seg danna fundamentet for det tunge kavaleriet (katafraktane), det velutvikla forsvarssystemet (tema), bruken av muter for å få fiendane til å slåst seg imellom, den overlegne bruken av spionasje og kommunikasjon og dei militære strategiane og doktrinane deira gjorde at Austromarriket i denne tida framleis måtte reknast som ei av stormaktene i verda. Etter den andre omlægringa av Konstantinopel i 718, der arabarane leid store tap, var ikkje kalifatet lenger den store trusselen for Austromarriket, og keisarriket fekk moglegheit til å reise seg igjen.

700-talet blei dominert av religiøs kløyving over ikonoklasmen. Keisar Leo III forbaud ikon, noko som førte til opprør over heile riket blant tilhengarar av slike ikon. Det andre konsilet i Nikea godkjende, etter press frå keisarinne Irene, at ikon kunne aktast, men ikkje dyrkast som guddommelege. Irene forsøkte au å inngå ein ekteskapsallianse med Karl den store, som hadde gjenoppretta Vestromarriket. Denne alliansen ville ha ført til ei gjenforeining av det gamle Romarriket, og skapt ei europeisk supermakt med ei slagkraft lik den det gamle keisarriket hadde hatt. Planene blei lagde i grus da Irene blei avsett i 802. Kontroversen rundt ikonoklasmen kom tilbake på starten av 800-talet, men blei endeleg avslutta av keisarinne Theodora i 843 da ho gjenreiste statusen til ikona. Ikonoklasmen førte til at tilhøvet mellom den ortodokse kyrkja og den romersk-katolske kyrkja blei forverra, også forholdet til det nye tysk-romerske riket blei dårlegare. Dette førte til at Aust- og Vest-Europa voks meir og meir frå kvarandre i løpet av mellomalderen.

Ny stordomstid[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket nådde ein ny stordomsepoke mot slutten av 800-talet som varte gjennom meir enn hundre år. Gjennom denne tida klarte riket å gjen-etablere kontrollen over Adriaterhavet, Sør-Italia og bulgararane sine territorium. Byane byrja igjen å vekse og velstand spreidde seg over provinsane i riket, optimismen voks takk vere at trusselen om invasjon no var over. Befolkninga voks kraftig, og produksjonen av varer auka, noko som førte til ei bløming i handelen. Dette var au ein epoke der bysantinsk kunst blomstra opp, dei mange nye kyrkjene som blei oppførte rundt omkring i keisarriket blei pynta av nye mosaikkar.

Basil II (976–1025)

Soldatkeisarane Nikeforos II og Johannes I utvida riket til langt innanfor Syria sine grenser, slo emirane i Nord- og Vest-Irak og gjenerobra Kreta og Kypros. Johannes truga til og med Jerusalem. Emiratet Aleppo og grannane deira blei vasallar under Austromarriket. Under Basil II blei bulgararane, som hadde lagt under seg det meste av Balkan, målet for årlege tokt av keisarriket sine hærar.

Krigen varte i dei neste tjue åra før bulgararane endeleg blei slegne i slaget ved Kleidon i 1014. Basil blinda 99 av kvar hundre av dei 14 000 fanga soldatane, dei resterande blei berre blinda på det eine auget slik at dei kunne leie sine medsoldatar heim. Da den bulgarske tsaren såg denne ynkelege hæren komma heim skulda han seg sjølv, og det blir sagt han døydde av sjokket. Bulgaria overgav seg og blei ein del av Austromarriket, som no atter strekte seg heilt til Donau. Den gamle grenseelva hadde ikkje blitt halden av romarane sidan Herakleios si regjeringstid.

Keisarriket vann seg au ein ny alliert i varangarstaten Kiev, og keisaren henta soldatar til den nye varangargarden sin der ifrå. Basil si syster Anna vart gift bort til varangarkongen Valdemar I. Basil såg den arabiske okkupasjonen av Sicilia, som hadde vore i hendene på arabarane sidan 904, som utoleleg. Øya hadde vore ein del av Austromarriket i over 300 år (ca. 550–ca. 900), og Basil la no planer for å vinne ho tilbake. Men det at keisaren døydde i 1025 sette ein effektiv stoppar for prosjektet.

Keisarriket ved Basil II sin død, 1025

Austromarriket strekte seg no frå Aserbajdsjan og Armenia i aust til Calabria i Sør-Italia i vest, og hadde atter blitt den største makthavaren rundt Middelhavet. Den age den keisarlege hæren hadde bygd opp gjennom denne perioden var så formidabel at det no var nok å berre nemne moglegheita av militær intervensjon til å halde dei lokale småherskarane i sjakk.

Men Austromarriket kom snart inn i ein periode med vanskar, det aukande aristokratiet som skapte problem for temasystemet. Dersom det berre hadde vore sett opp mot sine gamle fiendar, det tysk-romerske riket og Abbasidekalifatet, kunne det likevel ha klart seg. Men på denne tida dukka det samtidig opp fleire nye fiendar som mangla den nedarva respekten for keisarriket si makt. Normannarane vann over det siste romerske området i Italia i 1071 - det skorta på interesse i Konstantinopel for å sende styrkar til hjelp. Dei tyrkiske seldsjukkane, som var mest opptekne med å kjempe mot fatimidane i Egypt, heldt fram med felttoga sine i Litleasia. Slaget ved Manzikert i 1071 fekk som følgje at romarane mista nesten heile denne provinsen. Etter dette nederlaget klarte aldri keisarriket å reise seg igjen, og Manzikert blir ofte sett på som byrjinga på Austromarrikets fall.

1000-talet såg au ei monumental religiøs endring. Den vestlege og den austlege kyrkja hadde stort sett glide i kvar si retning gjennom fleire hundreår, men hadde formelt sett vore delar av den same kyrkja. Dette skulle endre seg da paven Leo IX og patriarken Mikael Kerularius gjensidig ekskommuniserte kvarandre. Det store skisma i 1054 førte med seg ein endeleg separasjon mellom dei, og paven i Roma og patriarken i Konstantinopel blei etter dette uavhengige leiarar for kvar sin kyrkje, den romersk-katolske og den ortodokse kyrkja. Tidfestinga av skismaet til nettopp denne hendinga er det rett nok seinare tider sine historikarar som har gjort: På den tida oppfatta dei ikkje ekskommunikasjonane som fullt så skilsetjande. Men uansett var denne kløyvinga grunnen til at året 1054 er ein av de viktigaste og synlegaste milepælane, og ho blei lagnadstung for Austromarriket. Samarbeidet mellom aust og vest skranta både under krossfarartida og i tida etter, da Konstantinopel blei pressa og til slutt teken av muslimske erobrarar.

Aukande fiendskap mot Vesten[endre | endre wikiteksten]

Det bysantinske riket ca 1180.

Etter slaget ved Manzikert blei ei delvis gjenreising mogleggjord av det komnenske dynastiet. Alexius I byrja å omorganisere militærsystemet på grunnlag av føydale prinsipp, og gjorde klåre framsteg mot seldsjukkane. Rop om hjelp frå Vesten førte til det første krosstoget, som hjelpte keisaren å ta tilbake Nikea.

Etter kvart voks likevel avstanden mellom den austromerske keisaren og dei vestlege krossfararane, og seinare krosstog var i aukande grad fiendtleg innstilte. Alexius sin son Johannes II følgde etter han i 1118 og blei kjend for å vera ein veldig omsynsfull mann. Gjennom den lange regjeringsperioden sin (1118–1143) drap eller blinda han ingen, noko som var spesielt sidan herskarar på denne tida normalt var valdelege. Undersåttane såg opp til han som ein kjærleg regent og gav han klengenamnet Johannes den gode. Men han var au ein energisk hærførar, og levde det meste av sitt regentskap i militære leirar.

Austromarriket var på denne tida konfrontert av fiendar frå alle kantar; ein invasjon av nomadiske ryttarar frå nord truga med å overkøyre Balkan og tyrkarane heldt fram med å gjera åtak mot dei romerske områda i Anatolia. Takk vere Johannes sine intelligente forsvarstaktikkar blei nomadane frå nord slegne, og grenselina ved Donau sikra.

På same måten blei tyrkarane sine framstøytar stansa og Johannes flytte krigen over til tyrkiskkontrollerte område. Han leidde ein serie med kampanjar som kosta mykje, og sjølv om dei stansa tyrkiske åtak på romerske territorium blei få av erobringane hans varige. Mot slutten av si regjeringstida si konsentrerte Johannes seg om å sikre overherredømme over krossfararstatane Antiokia og Edessa, og på vegen erobra han sørkysten av Anatolia og Kilikia, erobringar som skulle vise seg å vera meir haldbare. Etter dette marsjerte han inn i Syria med den herda arméen sin, men forsøket på å kue krossfararprinsane mislukkast. Han døydde seinare same året i ei jaktulykke, men det blir sagt at det ikkje var ei ulykke. Han blei treft i handa av ei giftpil.

Manuel I Komnenos (1143–1180)

Johannes sin son og arving, Manuel I, var ein verdig etterfølgjar og heldt fram med energisk krigføring. Han leidde eit fleirtal dramatiske angrep på Italia og Egypt, og han gjorde seg til venn med krossfararstatane og kjempa ofte i lag med dei for å sikre ny ro og orden i den austlege middelhavsverda. Det andre krosstoget var ein fiasko og skapte ei ny kløyving mellom dei romersk-katolske og dei gresk-ortodokse. Krangling mellom dei to kyrkjene utvida kløyvinga, og problema mellom dei to kristne fraksjonane var til fordel for muslimene.

Trass i politisk uro blomstra økonomien og keisarriket sine byer voks kraftig. Mangfaldige nye kyrkjer blei bygde, og alt tyder på at det framleis var god velstand i Austromrriket, til og med i dei meir avsidesliggjande provinsane. Ein aukande handel med dei nye bystatane i Italia var nok ein medverkande faktor i dette, venetianarar var ivrige etter å gjera handel med dei nyopna hamnene i Det heilage landet.

Auken i rikdommar som blei skapte i denne tida hadde ein positiv effekt på kulturlivet i keisarriket, kunstmessig var 1100-talet ei veldig produktiv tid i bysantinsk historie. Den aukande velstanden gjorde at etterspørselen etter kunst også auka, mosaikkunsten blei gjenoppdaga, med kunstnarane spesielt opptekne av naturlege landskap med ville dyr og jaktscener. Mosaikkene blei meir og meir realistiske og livlege, med ei aukande interesse for å framstille tredimensjonale former. I provinsane byrja lokale arkitekturskolar å produsere mange nye distinktive stilar som blanda inspirasjon frå mange forskjellige kulturar.

Men under velstanden låg det au spenningar som snart skulle ta overhand; italienarane hadde fått fritt leide til å handle i Konstantinopel av Alexius, og dei blei no sedde på som dei mest synlege eksempla på vestlege menneske (som gjerne blei kalla «frankarane» med eit samlenamn). Kløfta mellom den austlege og vestlege kyrkja hadde no blitt så stor at det var vanskeleg for desse «frankarane» å handle i Konstantinopel utan å bli trakasserte, sjølv om dei italienske bystatane sine skip utgjorde ein stor del av den austromerske hæren. I tillegg til dette var seldsjukkane framleis på krigsstigen, og ein storslegen romersk ekspedisjon, leidd av keisar Manuel, som nådde heilt til deira hovudstad Konya blei teken i eit bakhaldsangrep ved Myriokephalon i 1176 og tvinga til å trekkje seg tilbake.

Sjølv om dei tre dugande komneniske keisarane, da spesielt Manuel, hadde nok makt til å kaste ut dei mindretalige seldsjukkane, fanst det fleire grunnar for at dei ikkje gjorde det. Der romarane hadde klart å drive ut arabarane frå Anatolia og sikra grensa mot nye inntog på 700-talet, var tyrkarane meir vellykka i å etablere seg i desse landa. Dette var sannsynlegvis på grunn av den nomadiske livsstilen deira, som gjorde dei meir eigna til å bu i Anatolia enn det arabarane hadde vore.

Hovudforskjellen på den arabiske og den tyrkiske okkupasjonen av Anatolia var likevel demografisk; arabarane installerte ein ny overklasse til å regjere dei nyss tekne områda, medan tyrkarane bringa med seg eit heilt folk for å slå seg ned i det nye landet. I motsetning til dei arabiske hærane hadde ikkje dei tyrkiske nokon heim å fara tilbake til, dette gjorde at dei blei vanskelegare å få fjerna. Likskapane er slåande med gotarinvasjonen av Vestromarriket mange hundre år før. Ein annan grunn var at det var vanskeleg for keisaren å halde fram med denne krigen over tid, ettersom hendingar andre plassar kravde merksemd. Det har blitt argumentert for at det aldri var i komnenane si interesse å bli kvitt tyrkarane, sidan ei utviding inn i Anatolia med naudsyn ville medføre maktdeling med føydalherrar.

Forfallet i temasystemet, som hadde gjeve keisarriket mange soldatar i tidlegare hundreår, var au ein betydeleg faktor for at keisarane ikkje lukkast i å drive ut tyrkarane. Manuel sin hær på rundt 40 000 mann var monaleg mindre enn det keisarane hadde klart å kalle inn i stordomstida på 900-talet. Til liks med det seinare Romarriket sin armé var det austromerske militæret mykje dyrare å halde ved like enn det hadde vore i sin glansperiode, leigesoldatar utgjorde nesten heile hæren (nokre historikarar hevdar at dei utgjorde heile) og dei var ofte dyre. Ein av de viktigaste fordelane med temasystemet var at ein raskt kunne mobilisere ein stor hær på ein billeg måte, og no når dette systemet ikkje lenger fungerte, var eit av grunnlaga for keisarriket si makt gått tapt. Det er ikkje overraskande at Austromerriket starta å falle frå kvarandre raskt etter Manuel sin død i 1180. Keisarriket hadde blitt for avhengig av sterke enkeltkeisarar, utan nokre underliggjande institusjonar, og riket var ekstremt sårbart for krisetider.

Nedgang og fall[endre | endre wikiteksten]

Det latinske riket, danna under det fjerde krosstoget.

Av alle dei turbulente hendingane gjennom Austromarriket sin lange eksistens var det fjerde krosstoget noko av det som svekte det mest, både på kort og på lang sikt. Dei som organiserte krosstoget fekk problem da dei innsåg at mange færre menn hadde svara på kallet enn dei hadde venta. Den opphavlege meininga med krosstoget var å erobre Egypt, men no oppdaga dei at dei ikkje hadde råd til å betala venetianarane for flåten dei hadde leigd. Resultatet var at krossriddarane måtte stille seg til disposisjon for venetianarane, som ønskte å erobre adriatarhavsbyen Zara. Krossriddarane inntok byen, noko som likevel ikkje førte til full ettergjeving av gjelda. Dessutan blei dei bannlyste av paven for ugjerninga.

No segla dei vidare mot Konstantinopel, under innverknad av venetianarane, som ville støtte ein bysantinsk keisarpretendent. Med krossfararane si hjelp fekk han styrta det sitjande regimet, men den nye keisaren var etter dei omfattande øydeleggingane som følgde erobringane ikkje i stand til å halde lovnadene om rikeleg løn for den militære hjelpa. Krossfararene låg i månadsvis utanfor byen, og etter kvart blei bysantinarane meir og meir ope avvisande. Krossfararane på si side blei meir og meir rasande over det dei oppfatta som eit arrogant løftebrot. Til slutt gjekk dei til åtak. I 1204 klarte krossfararane å ta byen frå sjøsida. Krossfararane plyndra byen, mange bygningar blei brende ned, og dei fire namngjetne bronsehestane som i dag står på Markusplassen i Venezia blei stolne frå hippodromen i Konstantinopel. Men plyndringa av byen var ikkje nok for krossriddarane. Dei erklærte starten på eit latinsk keisarrike i aust og Balduin, greven av Flandern blei krona som den første keisaren av det nye latinske riket.

Keiser Theodor I flykta til Nikea og erklærte Keisarriket Nikea for det einaste rettmessige romerske keisarriket. To andre av den austromerske herskarklassen valde å utnytte sjansen som baud seg; Alexius Komnenos danna eit keisarrike i Trapesunt og Mikael Ducas danna eit rike i Epirus. Situasjonen varte ikkje lenge, allereie i 1261 klarte keisar Mikael VIII å vinne tilbake Konstantinopel, men keisarriket var alvorleg svekt, og keisarane var etter dette mest opptekne med å kjempe mindre krigar i Europa enn å bry seg med den veksande trugselen frå aust. Den einaste grunnen til at Austromarriket varte så lenge som det gjorde var at muslimane var svekte av interne stridar. Osmanarane klarte etter kvart å ta mykje av det austromerske territoriet, Konstantinopel måtte nøye seg med kontroll over berre ei handfull med hamnebyar. Samtidig bygde serbarane ut maktområdet sitt og utropa sitt eige keisarrike i 1346

Det bysantinske riket ca. 1400

Austromarriket sende bod til Vesten om hjelp, men katolikkane ville berre hjelpe dersom den austlege kyrkja godtok ei gjenforeining av den katolske. Men sjølv om keisaren godtok dette kravet, og til og med lovfesta det, ønskte ikkje dei gresk-ortodokse å akseptere katolisismen.

Konstantinopel blei i starten ikkje rekna som verd eit forsøk på erobring, da bymurane gjorde byen så å seie utakande. Men ei ny oppfinning, kanonen, gjorde at desse murane ikkje lenger var tilstrekkjeleg vern mot tyrkarane. Konstantinopels fall kom etter ei omlægring på berre to månader av sultan Mehmet erobraren, 29. mai 1453. Den siste austromerske keisaren Konstantin XI mista livet i kampane som følgde etter at murane fall. Mehmet slo også Mistra i 1460 og Trapesunt i 1461, og hadde med det lagt under seg heile Austromarriket. Mehmet såg seg sjølv som etterfølgjar av dei romerske keisarane og tok tittelen «Kayser-i-Rûm» (romersk keisar), og arvtakarane hans heldt fram med denne tradisjonen heilt fram til starten av 1900-talet. Ved slutten av 1400-talet hadde det osmanske riket konsolidert herredømmet sitt over Litleasia og Balkan. Rolla som vernar av den gresk-ortodokse kyrkja blei flytt til storhertugen av Moskva, Ivan IV, som tok tittelen tsar av Russland, avleidd av caesar. Etterfølgjarane hans støtta tanken om at Moskva var den sanne arvtakaren etter Roma og Konstantinopel, og konseptet om det tredje Roma blei halde i hevd gjennom hele det russiske keisarriket si levetid.

Identitet[endre | endre wikiteksten]

Bysantinarane identifiserte seg som romarar som etter kvart hadde blitt synonymt med grekarar, men omgrepet blei i hovudsak bruka berre for juridiske og administrative føremål. Det var meir vanleg å kalla seg for Romioi (Ρωμιοί), kristne grekarar med romersk statsborgarskap (det var viktig å halde på statusen som romersk statsborgar), og det utvikla seg eit nytt nasjonalt medvit som borgarar av Romania (Ρωμανία) som dei sjølve kalla Austromarriket. Denne nasjonalkjensla kjem ofte til uttrykk i litteraturen frå denne tida, spesielt i dei akritiske songane, der grensesoldatar (ακρίτες) blir hylla for å forsvara riket mot invasjon, det mest kjende er det episke heltediktet Digenis Akritas.

Fleirtalet av bysantinarane var klar over den ubrotne tradisjonen til nasjonen deira, ein tradisjon som førte tilbake til antikkens Hellas. Sjølv om dei gamle grekarane ikkje var kristne blei dei likevel sedde på som bysantinarane sine forfedrar, og attåt Romioi kalla dei seg au Graikos (Γραίκος). Fleire samtidige forfattarar bruka omgrepa gresk eller hellensk om innbyggjarane i Austromarriket, som for eksempel Konstantin Porfyrogenetos på 900-talet.

Den offisielle oppløysinga av Austromarriket på 1400-talet gjorde ikkje med ein gong at det bysantinske samfunnet au gjekk i oppløysing. Under den osmanske okkupasjonen heldt grekarane fram å kalle seg både Romaioi og Hellenes, noko som overlevde til det tidlege tjuende hundreåret.

Namnet på keisarriket[endre | endre wikiteksten]

800-talet freista Karl den store å gjenreise det vestlege Romarriket, og den følgjande kløfta som blei opna mellom frankarane og bysantinarane om kven som var dei rette arvtakarane til Romarriket, gjorde at ein i Vesten ikkje lenger bruka tittelen «Imperator Romanorum» (romersk keisar) om den austromerske keisaren, fordi denne tittelen no var reservert for den frankiske monarken, men i staden blei keisaren i aust kalla «Imperator Graecorum» (gresk keisar). Austromerriket blei kalla «Imperium Graecorum», «Graecia», «Terra Graecorum» eller til og med «Imperium Constantinopolitanum».

Namnet Det bysantinske riket stammar frå det originale greske namnet på Konstantinopel, Byzantion. Det er eit moderne namn introdusert i 1557, eit hundreår etter riket fall, av den tyske historikaren Hieronymus Wolf som presenterte den bysantinske historia i verket Corpus Historiae Byzantinae. Namnet blei oppfunne for å skilje Austromarriket frå oldtidas Roma og Hellas. Omgrepet har ikkje blitt standard i norsk historieskriving, men blir likevel ofte bruka, spesielt i kunsthistoria.

Keisarriket sin arv[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket hadde ein tendens til å omforme seg etter skiftande situasjonar, og var den mest stabile europeiske staten i datida.

Det militære og diplomatiske maktapparatet til denne staten sikra Vest-Europa frå mange av dei potensielt øydeleggjande invasjonene frå aust, i ei tid da dei kristne kongedømma i vest sannsynlegvis ikkje ville klart å forsvara seg tilstrekkjeleg. Austromarriket, som var truga av fiendar gjennom heile den lange levetida si, danna eit effektivt skjold mot persarane, arabarane, seldsjukkane og for ei tid, osmanarane.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk frå 1100-talet i kyrkja Hagia Sophia i Konstantinopel.

Den før nemnde bruken av ordet «romersk» om det som er knytt til Konstantinopel, lever på religionsområdet til ein viss grad vidare på arabisk blant kristne i området ved Middelhavet mellom Tyrkia og Egypt. Dei kristne som slutta seg til bysantinsk tradisjon i desse områda fordeler seg i dag på ei kyrkje som er ortodoks, og ei anna kyrkje som er katolsk og med det sameint med Paven i Roma. Paradoksalt nok er det dei ortodokse som går under nemninga «romarar», medan katolikkane blir kalla melkittar, etter malak ('konge'), noko som snarare får ein til å tenkje på ei statskyrkje av noko slag.

Austromarriket introduserte kristendommen til ein stor del av Aust-Europa, noko som etter kvart førte til etableringa av det såkalla bysantinske samveldet (eit uttrykk oppfunne av historikarar på 1900-talet). Tidlege austromerske misjonærar spreidde den ortodokse kristendommen til dei slaviske folka, der han framleis er den dominerende religionen, spesielt i dagens Bulgaria, Makedonia, Russland, Serbia og Ukraina og det er framleis grekarane sin religion.

Mindre kjent i Vesten er innverknad bysantinsk religiøs autoritet hadde på millionar av kristne i Etiopia, dei koptiske kristne i Egypt og dei kristne i Georgia og Armenia. Dette er kyrkjer som i det vesentlege deler ortodoks tru, men dels skil seg ut ved det at dei ikkje tilslutta seg alle dekreta frå konsilet i Khalkedon.

Robert Byron, ein av dei grekofile på 1900-talet, hevda at stordommen til Austromarriket kom frå det han kalla ein trippelfusjon; ein romersk kropp, eit gresk hovud og ei mystisk sjel.

Kunst, arkitektur og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bysantinsk kunst og arkitektur var stort sett baserte på kristne historier og kristendommen sine personlegdommar, ikon var ein viktig del av det ortodokse samfunnet. Bysantinarane favoriserte kuppelen, bogegangar og den såkalla greske krossar planutforminga. Tallause døme på gamle bysantinske kyrkjer, med deira tradisjonelle mosaikkar av helgenar og figurar frå Bibelen, står framleis som prov på bysantinarane sine avanserte arkitektoniske kunnskapar. Mot slutten av 1800-talet inspirerte bysantinske bygningar ei mindre bølgje av ny-bysantinsk arkitektur, spesielt i Russland.

Eit anna område der bysantinarane utmerkte seg var i praktisk litteratur. Ein serie med kompetente forfattarar, både menn og kvinner, produserte mange verk av praktisk verdi i felt som offentleg administrasjon, militære saker og i dei praktiske vitskapane. Bysantinarane sine tidlege teologiske skrifter var viktige i utviklinga av vestleg filosofi, og historieskrivinga deira hadde stor innverknad på seinare nedskriving av russiske krønikar. Størstedelen av bysantinsk litteratur blei skriven på klassisk gresk, sjølv om litteratur på folkemålet au etter kvart utvikla seg, men da i eit mykje mindre tempo enn i Vesten. Det blei skrive lite fiksjonslitteratur, det mest kjende er det episke diktet Digenis Akritas, skrive i ei blanding av klassisk gresk og mellomaldergresk.

Det meste av skriftene var relatert til historie, teologi, biografi og hagiografi. Men keisarriket sitt største bidrag til litteraturen var kan hende deira metodiske preservasjon av meisterverka frå oldtida, og samlingar av gamle verk om spesielle tema, med små revisjonar, da mest innanfor medisin og historie.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Konstantinopel i 1453

Den bysantinske økonomien var den mest avanserte i Europa i mange hundreår. Den bysantinske solidus var mest bruka som internasjonal mynteining i 700 år, til denne rolla gradvis blei overteken av dei italienske handelsrepublikkane etter 1204. Keisarriket sine rikdommar var utan like i Europa og Konstantinopel var ein av de rikaste byane i verda. Den økonomiske velstanden blei godt hjelpt av at Austromarriket var den viktigaste av dei vestlege endepunkta for silkevegen, Konstantinopel var au det viktigaste kommersielle sentrumet i Europa gjennom det meste av mellomalderen. Da osmanarane tok byen stengde dei landvegen mellom Europa og Asia og dette førte til starten på slutten for silkevegen.

Bysantinsk handel var stor og lite kontrollert av staten. Rentenivå, profitt og prisar blei regulerte av lov og handheva gjennom eit laugsystem, import og eksport blei taksert med eit stabilt nivå på ti prosent. Det var aldri noka arbeidsløyse, det var veldig vanskeleg å seie opp tilsette, og det blei kravd at arbeidsføre som gjekk ledige tok arbeid tilbydd av det offentlege. Riket sitt økonomiske grunnlag var handelen, Konstantinopel var plassert på eit viktig knutepunkt både for handelsvegane aust–vest og nord–sør, og Trapisunt var ei viktig hamn for handelen med Austen. Dei eksakte handelsrutene varierte med åra grunnet krigar og ustabile politiske situasjonar.

Råsilke blei bringa til riket frå Kina og India og det blei laga fine brokadar og klede som blei selde til høge prisar over heile verda. Keisaren hadde monopol på silkehandelen, råsilken blei raffinert gjennom keisarlege fabrikkar og seld til autoriserte grossistar. Seinare blei silkeormane smugla inn i keisarriket og silkehandelen blei mindre viktig. Andre eksportvarer var gull, smykke, emaljerte verk og utskjeringar i elfenben og halvedelsteinar, det blei produsert vin som blei eksportert nordover. Pelsklede, slavar, tømmer, metall og rav blei importerte frå nord og tørka fisk blei importert sørfrå.

1000-talet byrja endringar som etter kvart skulle underminere den bysantinske økonomien. Italienarane skaffa seg silkeormar sjølve, noko som førte til at verdien av det keisarlege monopolet blei kraftig redusert. Krossriddarane forandra handelsrutene til fordel for dei italienske statane, og tyrkarane sine territorielle anneksjonar førte til at Konstantinopel blei tvinga til å finne nye måtar å fylle opp matreservane. Av politiske og militære grunnar blei keisaren tvinga til å gje dei italienske kjøpmennene reduksjonar i skattane. Plyndringa av Konstantinopel av krossfararane i 1204 var ein økonomisk katastrofe for keisaren, sjølv om Palaiologos-dynastiet vann tilbake byen klarte dei aldri å stable økonomien på beina att.

Lov og kunnskap[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket spelte ei viktig rolle innanfor vidareføringa av den klassiske kunnskapen til den islamske verda og til Italia i renessansen. Keisarriket sin rike tradisjon for nedteikning av historia tok vare på den gamle kunnskapen som var grunnlaget for kunst, arkitektur, litteratur og tekonolgiske framsteg. Sannsynlegvis kan ein hevde at hadde det ikkje vore for det bysantinske grunnarbeidet, og emigrasjonen av greske lærde til Vesten etter riket fall, ville renessansen ha hatt vanskeleg for å blomstre.

Keisar Justinian sine lovskrifter, Corpus Juris Civilis, og revisjonane seinare keisarar gjorde (spesielt under det makedonske dynastiet) utgjorde grunnlaget for utviklinga av juss som eit vitskapsfag. Lovskriftene la til rette for eit meir utvikla system for ankerett, og eit system for maritim lov som vi framleis kan sjå innverknaden av i dag. Bysantinsk lovverk har kan hende bidrege meir til moderne lover enn forgjengaren, romersk lov.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Austromarriket skilde seg frå andre statar i datida med det at dei la vekt på å ha eit halvprofesjonelt byråkrati i staden for direkte styre av monarken. Den bysantinske administrasjonen blei delt inn i tre grupper; den palatinske, den provinsielle og den sentrale. Innanfor dette kan systemet igjen delast i fleire undergrupperingar. Juridiske og finansielle embete blei fordelte mellom dei tretten permanente statsdepartementa i den sentrale administrasjonen.

Riket bidrog sterkt til utviklinga av politikk og regjeringssystem som ein vitskap. Det bysantinske byråkratiet blei eit førebilete for mange av dei systema som dei moderne nasjonalstatane utvikla sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Neubecker, Ottfried (1977) Le grand livre de l’héraldique – Elsevier Séquoïa: Brussels.
  2. Corvisier, Andre (1994) A Dictionary of Military History and the Art of War – Blackwell Publishing.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Austromarriket

Engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • Georg Ostrogorsky. History of the Byzantine State, 2nd edition, New Brunswick (NJ) 1969. (George Ostrogorsky, Георгије Острогорски)
  • Warren Treadgold. A History of the Byzantine State and Society, Stanford, 1997.
  • Helene Ahrweiler, Studies on the Internal Diaspora of the Byzantine Empire, Harvard University Press, 1998.
  • John Julius Norwich, Byzantium, 3 Volumes, Viking, 1991.
  • Steven Runciman, Byzantine Civilisation, Edward Arnold (Publishers) Ltd., 1966.
  • Edward Gibbon, The Decline and Fall of the Roman Empire, J.M. Dent and Son Ltd., 1776.

Tysk[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Karayannopulos und Günter Weiß: Quellenkunde zur Geschichte von Byzanz (324-1453), 2 Bde., Wiesbaden 1982.
  • Anna Komnene: Alexias, dt. Übersetzung von Diether Roderich Reinsch, DuMont, Köln 1996. ISBN 3-7701-3492-3