Austvågøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austvågøy
Vågkallen på Austvågøy
Vågkallen på Austvågøy
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°20′N 14°36′EKoordinatar: 68°20′N 14°36′E
Øygruppe Lofoten og Vesterålen

Areal 526,7 km²
Lengd 40 km
Breidd 30 km

Høgaste punkt Higravstinden (1146 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Svolvær (4177 innb.)

Austvågøy er den nest største øya i Lofoten med sine 527 km². Øya er om lag 40 km frå aust til vest og 30 km frå nord til sør.

Mesteparten av Austvågøy består av fjell som mot Raftsundet når opp til over 1000 moh og lågland finn ein nesten berre ved strandflatene. Det høgaste fjellet i Lofoten er Higravstinden på 1146 meter over havet og ligg aust på øya. Svartstundtindan (1050 moh), Trolltindan (1045 moh) og Olsanestindan (1000 moh) ligg òg aust på øya, medan den kjende Vågakallen 942 moh stig opp over Henningsvær sørvest på øya.

Store delar av Vågan kommune ligg på øya, medan den nordaustlege delen høyrer til Hadsel kommune i Vesterålen. På Austvågøy ligg Svolvær, den største byen i Lofoten, og det gamle fiskeværet Kabelvåg. Den kjende Trollfjorden ligg aust på øya. Austvågøy har vegsamband til Hinnøya i aust via Raftsundbrua og til Gimsøya i vest via Gimsøystraumen bru.

Austvågøy er også kjent frå eit av dikta til Inger Hagerup om den tyske militærmakta sine herjingar i Nordland under andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]