AutoPASS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

AutoPASS er namnet på eit norsk system for elektronisk betaling av bompengar. Med AutoPASS-brikke kan ein som bilist passere gjennom ein bomstasjon utan stopp.

Ifølgje Nasjonal Transportplan for 2002-2011 er målet eit samordna betalingssystem for transporttenester. AutoPASS har i seg ei rekke moglegheiter for framtida. Det blir arbeidd med å innføre AutoPASS på ferje og ved parkering.

Eit samordna betalingssystem kan gjere det enklare å gjere vegbygging bompengefinansiert, og kan også brukast i vegprising.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]