Hopp til innhald

Automatisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Automatisme er eit omgrep innan modernistisk poesi og kunst. Det inneber at ein let fornufta haldast tilbake under skapingsprosessen for å frigjera eit undermedvite bildespråk.[1] Modernistisk automatisme blei delvis teken i bruk allereie av dadaistane1910-talet (sjå Jean Arp), men blir særleg assosiert med surrealismen, som definert av André Breton i Det surrealistiske manifestet (1924), der han mellom anna skreiv om ein «reindyrka psykisk automatisme».[1] Surrealistane bytta ut det eldre overnaturlege innslaget med den psykoanalytiske teorien om det umedvitne. Automatismen blei seinare utvikla vidare innanfor den informelle kunsten og den abstrakte ekspresjonismen.[1]

Den engelske kunstnaren Austin Osman Spare skreiv eit kapittel kalla «Automatic Drawing as a Means to Art» i The Book of Pleasure frå 1913. Andre kunstnarar som også dreiv med automatisk teikning var Hilma af Klint, André Masson, Joan Miró, Salvador Dalí, Jean Arp, André Breton og Freddy Flores Knistoff.

Transautomatisme var derimot ei nemning Friedensreich Hundertwasser nytta om sitt måleri på fyrste halvdelen av 1950-talet for å skilja sine eigne strevingar frå den europeiske informelle kunsten i etterkrigstida generelt, og særleg tachismen.

  1. 1,0 1,1 1,2 Automatism Tate. Läst 3 juni 2017.