Sjølvstyrt område

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Autonom region)
Skilt ved Ezi-Ogbaku Unity Hall i eit sjølvstyrt område i Obaku i Nigeria.

Eit autonomt eller sjølvstyrt område er ein region som høyrer til ein annan stat, men har ein viss sjølvstendig status. Graden av sjølvstyre kan variera, der dei mest autonome har høve til å avgjera alle saker bortsett frå dei som er knytte til utanrikspolitikk og forsvar. Bakgrunnnen for sjølvstyre kan vera historisk, politisk eller geografi. Det sjølvstyrte området kan tidlegare ha vore sjølvstendig eller ha ønske eller planar om å bli det; det kan utgjera ein del av ein føderasjon eller vera ein assosiert stat i ei større statsdanning, eller det kan vera fjernt frå det nasjonale maktsenteret.

Sjølvstyrte område kan ofte ha ei anna etnisk samansetjing frå resten av landet, og/eller vera geografisk skilde frå det. Nokre døme på autonome regionar er den finske regionen Åland, der fleirtalet av innbyggjarane er finlandssvenskar, dei danske områda Grønland og Færøyane med sine eigne språk og folkegrupper, Den jødiske autonome oblasten i Russland der det bur ein stor del jødar, og Tobago, ei øy som er del av staten Trinidad og Tobago.

Fleire område med omstridd status kan ha ulike grader av sjølvstyre, som aserbajdsjansk-kontrollerte Nakhitsjevan, pakistansk-kontrollerte Azad Kashmir og Gilgit-Baltistan og den russisk-kontrollerte Krimhalvøya. Adsjaria, Abkhasia og Sør-Ossetia har alle offisiell status som sjølvstyrte regionar i Georgia, men Adsjaria er ein integrert del av landet medan Abkhasia og Sør-Ossetia i røynda har sjølvstende frå landet. Tilsvarande har Somaliland og Puntland begge erklært sjølvstende frå Somalia, men er berre internasjonalt anerkjende som sjølvstyrte delar av landet.

Liste over autonome regionar[endre | endre wikiteksten]

Lista inneheld einskilde autonome regionar i einheitsstater ifølgje grunnlova til desse statane. Ho omfattar også område med særskild autonom status i føderasjonar.

 Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

 Danmark[endre | endre wikiteksten]

 Finland[endre | endre wikiteksten]

 Fiji[endre | endre wikiteksten]

 Filippinane[endre | endre wikiteksten]

 Georgia[endre | endre wikiteksten]

 Indonesia[endre | endre wikiteksten]

 Irak[endre | endre wikiteksten]

 Italia[endre | endre wikiteksten]

Italia har fem regionar med særskilde statuttar for ei høgare grad av sjølvstyre, femten andre regionar som også har lovgjevande makt, og to autonome provinsar som begge er del av regionen Trentino-Alto Adige.

Regionar med særskilde statuttar

Andre regionar

Autonome provinsar

 Canada[endre | endre wikiteksten]

 Kina[endre | endre wikiteksten]

Indre Mongolia, Xinjiang, Tibet, Ningxia og Guangxi er autonome regionar for den største minoritetsbefolkinga i kvar av dei. I fleire andre kinesiske provinsar finst det mindre autonome område for ikkje-hanfolk. Hongkong og Macau er Særskilde administrativE regionar (SAR) med stor grad av sjølvstyre.

 Mauritius[endre | endre wikiteksten]

 Moldavia[endre | endre wikiteksten]

 Nederland[endre | endre wikiteksten]

 Pakistan[endre | endre wikiteksten]

 Papua Ny-Guinea[endre | endre wikiteksten]

 Portugal[endre | endre wikiteksten]

Autonome regionar i Portugal

 Serbia[endre | endre wikiteksten]

 Spania[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Autonome regionar i Spania.

 Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

 Sør-Afrika[endre | endre wikiteksten]

 Sør-Korea[endre | endre wikiteksten]

 Tadsjikistan[endre | endre wikiteksten]

 Tanzania[endre | endre wikiteksten]

 Trinidad og Tobago[endre | endre wikiteksten]

 Ukraina[endre | endre wikiteksten]

 USA[endre | endre wikiteksten]

 Usbekistan[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nationalencyklopedin
  • Encyclopædia Britannica
  • Landguiden (Utrikespolitiska Institutet)
  • CIA World Factbook Arkivert 2013-05-10 ved Wayback Machine.
  • Vojvodina, Serbien Arkivert 2004-03-22 ved Wayback Machine.
  • Turner, Barry (red): The Statesman's Yearbook 2008, Palgrave Macmillan, Basingstoke 2007, ISBN 978-1-4039-9277-2
  • Olausson, Pär M: Autonomy and islands - a global study of the factors that determine island autonomy, Åbo Akademi University Press, Åbo 2007, ISBN 978-951-765-406-7