Autonom undervassfarkost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den autonome undervassfarkosten Pluto Plus, for undervannsøk etter miner. Denne er frå KNM «Hinnøy»
Foto: KEN

Autonom undervassfarkost er ein sjølvgåande undervassrobot som kan bevega seg utan instruksjonar frå ein operatør. Slike farkostar har ofte form som minner om ein torpedo om dei skal gå langt, eller andre former om dei skal operera innanfor eit avgrensa område.

Autonome undervassfarkostar opererer som oftast etter operasjonsplanar lagra i sjølve farkosten, eller or planar som vert lasta ned via akustiske kommunikasjonssystem. På grunn av lang tid frå ein kommando sendast og til det får effekt så må kommandoen ta høgd for miljøendringar der farkosten oppheld seg, eller at kommandoen ikkje lengre gjeld i det den når fram. Eit anna assosiert problem er å etableras ein referansepositjon. Dette kan gjerast ved bruk av akustiske fyr på havbotnen, eller ved at fartøy på overflata kan ha slike akustiske fyr. Det vert òg brukt tregleiksnavigasjon kombinert med sonarar som fylgjer havbotnen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]