Autopilot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Autopilot i B-747

Autopilot er eit hjelpemiddelsystem som vert brukt i skip og fly. Det er forbunde med instrumenta slik at det i fly kan avlesa m.a. høgd og retning, og med hjelp av flyets ror (til dømes ved hjelp av hydraulikk), styra flyet.

  • Krengekontroll (wing leveller) er den enklaste autopiloten i enkelte småfly som i roleg luft gjer det mogleg å fly utan å halda i stikka heile tida.
  • Høgd: Autopiloten kan innstillast til å halda ein gjeven flyhøyge, og viss flyet ikkje held høgda, justera tilsvarande.
  • Retning: Autopiloten kan setjast til å følgja ei bestemd kompassretning ved hjelp av retningsgyroen, eit radiosignal frå eit VOR eller NDB/ Non directional beacon -radiofyr, GPS-signal, instrumentslandingssystemet ved ein landingsbane eller ei planlagd rute programmert inn i eit Flight Management System (FMS).
  • Fart: I større fly er autopiloten òg forbunde med motorane, slik at han kan setjast til å halda den valde farten og høgda sett av pilotar eller FMS (Auto Throttle).

Dei viktigaste inndataene til ein autopilot er:

  • Gyroar for å avlesa høgda (stillinga i lufta) og kompassretninga til til flyer, og akselerometer for å måla akselerasjonen i alle tre retningar (opp, ned og sidelengs).
  • Autopiloten mottek òg data frå fleire av systema til flyet for å tilpassa seg dei ulike situasjonane eller konfigurasjonar flyet er i. Dette kan vera take off, landing/approach eller cruise.

I nyare fly er autopiloten òg i stand til å landa flyet automatisk, eit døme på dette er Boeing 737.

I ein akuttsituasjon der piloten ynskjer å ta kontroll over flyet manuelt, kan det gje betydelege problem om autopiloten ikkje vert slegen av først.

Autopilot for skip fungerer på liknande vis, ved at kursen vert sett etter kompasset, medan styreautomatikken vil sikta mot å halda retninga. Der er lagt inn eit visst slingringsmonn, for at kurskorreksjonane på grunn av bølgjeslag ikkje skal verta for effektive og vara for lenge, slik at skipet vert gåande i sikksakk i staden for i den gjevne retninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!