Autovern

Autovern er eit gjerde av metall langs ein veg. Det har som oppgåve å hindra at bilar køyrer av vegen, og er ofte plasser der det er bratt på utsida av vegen, der vegen kryssar ei bru, eller der han går tett på eit vatn eller nær sjøen. Det kan òg settast opp for å hindra bilar i å køyra inn i bygningar, eller hindra at dei kjem over i sykkel- eller gangfelt. På større vegar vert det ofte sett opp midtdelar, i form at eit dobbelt autovern, for å hindra møteulykker.

Den vanlegaste typen autovern er sett saman av galvaniserte W-forma stålprofilar som er bolta saman, og festa til kraftige impregnerte trestolpar som går ned i kanten på vegen. Når eit køyretøy råkar eit autovern vert rørsleenergien til køyretøyet delvis oppteken ved deformasjon av autovernet og delvis ved deformasjon av køyretøyet[1]. Autovern er eit effektivt vern for personbilar, men er ikkje kraftig nok til å hindra lastebilar i å køyra gjennom det. Det er òg eit problem at motorsyklar kan koma under stålprofilane når det veltar i sving. Dei treffer då stolpane og føraren kan verta hardt skadd. Ved å montera underskinner kan faren reduserast[2].
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rekkverk og vegens sideområder, Håndbok N 101, Statens vegvesen, 2014.
- ↑ T. Hildonen, Riktig autovern redder liv , Bil24, 15. April 2025.