Auxilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utskjering av romersk auxilia-infanteri som kryssar ei elv, truleg Donau, på ei pongtongbru under dei dakiske krigane til Trajan (år 101–106). Dei er kjennemerka av dei ovale skjolda sine (clipeus), i kontrast til det rektangulære scutum brukt av legionærar. Panel frå Trajansøyla i Roma.

Auxilia var hjelpetroppar i den romerske hæren. Desse soldatane var ikkje romerske borgarar, men blei rekrutterte blant gallarar, germanarar og andre folkegrupper som romarane hadde overvunne og teke opp blant sine allierte. Auxilia blei innførte til dei romerske legionane av keisar Augustus etter at han omorganiserte den romerske hæren i 30 f.Kr.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Campbell, Duncan B. (2009). Roman Auxiliary Forts 27 BC-AD 378. Oxford: Osprey Publishing. ISBN 978-1-84603-380-3