Auxois

Auxois (uttalt [oswa][1] eller okswa) er eit tradisjonelt landskap (région naturelle) i Frankrike. Det ligg i departementet Côte-d'Or og dekkjer rundt 2 500 km².[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I antikken var Auxois (latin pagus Alesiensis) staden der Alesia låg. Dette var eit oppidum eller større befesta busetnad for for den keltiske stamma mandubi, og låg nær dagens Alise-Sainte-Reine. Slaget ved Alesia i 52 f.Kr. var eit viktig punkt i Gallarkrigane, der Julius Cæsar sigra over gallarane under arvernileiaren Vercingetorix.
I mellomalderen hadde Auxois status som pagus under karolingarane og seinare eit grevskap, comté d'Auxois, som blei del av hertugdømet Bourgogne i 1082. Hertugdømet blei delt opp i hovudfutedømet Semur-en-Auxois og elles i Avallon, Arnay-le-Duc og Saulieu.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jean-Marie Pierret, Phonétique historique du français et notions de phonétique générale, Peeters, Louvain-la-Neuve, 1994, p. 104.
- ↑ Les paysages du pays de l'Auxois - Morvan.
- Denne artikkelen bygger på «Auxois (région)» frå Wikipedia på fransk, den 3. desember 2020.
- Wikipedia på fransk oppgav desse kjeldene:
- Marie-Nicolas Bouillet og Alexis Chassang (dir.), «Auxois» i Dictionnaire universel d’histoire et de géographie, 1878