Avaldsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avaldsnes
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Karmøy
Postnummer 4262
Kart
Avaldsnes
59°21′21″ N 5°16′40″ E
Wikimedia Commons: Avaldsnes

Avaldsnes er ein gard, ein tettstad og eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Det har tidlegare òg vore ein eigen kommune.

Avaldsnes er best kjend som eit gammalt norsk hovdingsete og den første norske kongsgarden. Det er gjort særs rike funn frå mest heile førhistoria i dette området. Avaldsnes er vald som tusenårsstad for Rogaland fylke. Nordvegen er eit gamalt namn på Karmsundet, og skal ha gjeve opphav til namnet Noreg.[treng kjelde]

Staden er kalla opp etter sogekongen Augvald, som hadde herredømet over området rundt, særleg kystleia. Etter slaget i Hafrsfjord om lag 872 la Harald Hårfagre hovudgarden sin til Avaldsnes, noko som gjer det til det eldste kongssetet i Noreg.

Seinare forfall kongsgarden, og det viktigaste landemerket på staden blei Avaldsnes kyrkje (Olavskyrkja), som Håkon Håkonsson bygde i 1250. Kyrkja er ei av dei største steinkyrkjene frå mellomalderen i landet, og hadde status som kongeleg kollegiatkyrkje.

Avaldsnes kyrkje med 'Jomfru Marias synål' til høgre. (Foto: Christian Bickel)

Like nord for kyrkja kan ein enno ane restane etter ein stor gravhaug. I den vart funne den rikaste grava frå romertid i heile Noreg. Den inneheldt mellom anna ein gullring på over 600 g, og romerske kar av sølv og bronse. På nordsida av kyrkja står òg ein 7,2 meter høg bautastein, ein av dei største i landet. Han blir kalla 'Jomfru Marias synål', og har etter alt å døme vore ein av fleire slike steinar på staden. Steinen lutar inn mot kyrkjeveggen, og eit gamalt segn seier at dersom steinen rører ved veggen, då kjem dommedag. Det er tydelege teikn på at ein har ville utsette dette, sidan det er slege store stykke av toppen på steinen.

Gravhaugar[endre | endre wikiteksten]

Bronsealdergravhaug.
Foto: Christian Bickel

Om lag ein kilometer vest for Avaldsnes kyrkje ligg Reheia eller Blodheia, med det einaste døme på storhaugar frå bronsealderen i rekkje. Elles er dette berre kjend frå Danmark og Sør-Sverige. Fleire av haugane er gravne ut, og har gitt rike funn. Ved Karmsundet om lag to kilometer nord for kyrkjestaden ligg Storhaug, ein gravhaug på over 40 meter tverrmål. Der vart i 1886 funne ei stor skipsgrav frå merovingartida (680-750), altså er dette den eldste skipsgrava i Norden.

Grønhaug var ein annan storhaug, noko nærare kyrkjestaden. Han vart undersøkt i 1902, og inneheldt òg eit 15 meter langt skip. Grava hade vore plyndra, etter alt å døme kort tid etter jordfestinga, og store delar av den døde og gravgodset var fjerna. Det som er att viser at den døde hadde vore ein godt vaksen mann, og radiologisk datering viste at gravlegginga har funne stad i første halvdel av 900-talet.

Vikingmuseum[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruert vikingbygning på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel

I dag har ein rekonstruert ein vikinggard på Avaldsnes som del av det nye historiesenteret. Nordvegen Historiesenter på Avaldsnes vart opna den 29. april 2005 av Dronning Sonja. Senteret legg vekt på området si historie.

Avaldsnes tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden er frå siste sekelskiftet samanvaksen med Haugesund tettstad. Ved folketeljinga i 1990 hadde han 2 319 innbyggjarar, og strakte seg sex kilometer frå Bø i nord til Håvik i sør.

Avaldsnes sokn[endre | endre wikiteksten]

Soknet ligg nord på Karmøy, høyrer til Karmøy prosti og har 4 562 innbyggjarar (2013).

Før i tida var soknet fleirdobbelt større. Kopervik sokn blei utskilt i 1855, Førresfjorden sokn i 1893 og ein stor del av Norheim sokn i 1983.

Avaldsnes kommune[endre | endre wikiteksten]

Allereie då kommunane blei innførte ved formannskapslovene i 1837 blei Avaldsnes ein eigen kommune. I 1866 blei Kopervik ladestad frådelt, og det gjenverande Avaldsnes hadde då 4 735 innbyggjarar. I 1909 blei resten av Kopervik sokn utskilt som Kopervik (frå 1916 Stangaland) kommune, og då var 3 213 innbyggjarar igjen i Avaldsnes kommune.

I 1965 blei kommunen oppløyst. Den austlegaste delen (Førresfjorden sokn unnateke Kolnes krins, og Gismarvik krins av Avaldsnes sokn), med 994 innbyggjarar, blei innlemma i Tysvær kommune. Resterande delar, med 4 153, blei lagde til den nyskipa Karmøy kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]