Avaldsnes idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avaldsnes
Fullt namnAvaldsnes idrettslag
Kort namnAIL
Grunnlagd16. juni 1937
Heimebane«Skeie»
StyreleiarHelge Sylfest Gaard
LigaToppserien
Toppserien 20134
NettstadHeimeside
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Avaldsnes Idrettslag (skipa 16. juni 1937) er eit idrettslag frå AvaldsnesKarmøy. Medlemstalet per 31. desember 2012 var 818. Klubben held til ved Avaldsnes Idrettssenter, og spelar heimekampane på «Skeie», også kalla «Nye bana».

Idrettsanlegget på Skeie, som ligg 1 km vest for riksveg 47 ved Avaldsnes sentrum, inneheld følgjande: to store grasbaner, éi stor kunstgrasbane med flomlys, to grasløkker (fire 7'ar-baner), éi grusløkke med flaumlys, to klubbhus, éin ballbinge og éin sandvolleyballbane.

AIL har både fotball- og handballavdeling, samt ei avdeling for born; Idrettsskolen, og ei avdeling for ski/trim. Idrettsskolen har 200 born i alderen 5-10 år, medan ski/trim har tre aktive utøvarar i langrenn (Einar Vikingstad, med fleire VM-gull i klassen over 50 år) og 40 aktive i trimgrupper.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Fotballavdelinga har i sesongen 2013 24 lag, med totalt ca. 250 aktive spelarar, trenarar og leiarar og med damenes elitelag som flaggskip.

Damer Elite[endre | endre wikiteksten]

Elitelaget spelar i Toppserien f.o.m. sesongen 2013 etter å ha rykka opp med ein klår siger i 1. divisjon i 2012. Dei er det første laget frå Karmøy som har spela i den øvste divisjonen. I 2013 vart laget nummer 4 i Toppserien og tok seg heilt fram til cupfinalen, der dei tapte mot Stabæk.

Cecilie Pedersen er den mest kjende spelaren på laget og har fleire landskampar på A-landslaget, inkludert EM i Finland i 2009. I tillegg har laget etter opprykket i 2012-sesongen henta fleire gode utanlandske spelarar, deriblant tre brasilianske landslagsspelarar, med eit mål om å etablere seg i Toppserien.[1]

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Endra 17. august 2020[2]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Sverige MV Louise Alexandra Högrell
12 Flagget til New Zealand MV Victoria Esson
31 Flagget til Noreg Synne Danielsen
2 Flagget til Australia F Clare Polkinghorne
3 Flagget til Noreg F Oda Arnesen
4 Flagget til Noreg F Nathalie Utvik
5 Det amerikanske flagget F Robyn Decker
13 Flagget til Noreg F Maria Min Xiu Sørenes
17 Flagget til Noreg F Hanna Dahl
19 Flagget til Selma Løvås
26 Flagget til Noreg F Trine Karin Øritzland
27 Flagget til Kaja Olsen
30 Flagget til Ane Askelund Sævereid
Nr. Posisjon Spelar
6 Flagget til Noreg M Olaug Tvedten
9 Flagget til Australia M Katrina Gorry
10 Flagget til Noreg M Andrea Norheim
14 Flagget til Noreg M Marthe Enlid
15 Flagget til Irene Dirdal
24 Flagget til Noreg M Ylinn Tennebø
25 Flagget til Noreg M Madelen Hernar
11 Flagget til Noreg A Elise Thorsnes
16 Flagget til Noreg A Anna Langås Jøsendal
18 Flagget til Noreg A Kristina Svandal
20 Flagget til Nigeria A Rasheedat Ajibade
28 Flagget til Noreg M Sandra Østenstad
29 Flagget til Noreg A Viktoria Sørensen

Menn[endre | endre wikiteksten]

A-laget spelar i 4. divisjon etter å ha rykka ned frå 3. divisjon i 2012. Før dette hadde laget spela i 3. divisjon frå 2005 til 2010, og i 4. divisjon sesongen 2011.

Handball[endre | endre wikiteksten]

Handballavdelinga, som held til i HåvikhallenHåvik, har 22 lag med ca. 300 aktive spelarar, leiarar og trenarar.

Kjende utøvarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]