Avantgarde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Avantgarde eller avant-garde er ei nemning som vert brukt om kunstnarisk og intellektuell verksemd som er radikal og nyskapande. Avantgardisme dekker fleire modernistiske kunstretningar som har utfordra den etablerte kunsten og opna nye rom for utviklinga av ei kunstform. Det å vere avantgarde, avantgardistisk eller avantgardist vil jamnast sikte til personar og miljø som er pionerar for nye straumdrag i kulturen, politikken og kunsten.

Ordet avantgarde er fransk og betyr «fortropp». Omgrepet har vorte ført over frå militær terminologi, der det viser til spesialavdelingar som opererer i felten framom større framrykkande hæravdelingar, gjerne bak fienden sine forsvarslinjer.

Avantgardistisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste kunstnariske avantgarde skal ha vore utstillinga Salon des Refusés (dei refuserte sitt rom) i Paris i 1863. Dei refuserte sitt rom vart organisert av ei gruppe målarar som ikkje hadde fått stille ut verka sine i Parissalongen/Salongutstillinga. Utstillinga valde verk ut frå strenge og konservative akademiske reglar for kva som var god kunst. Kjende målarar som Gustave Courbet, Paul Cézanne og Édouard Manet viste arbeid i Dei refuserte sitt rom, måleri som seinare har vorte vurdert som store meisterverk.

Avantgardistisk kunst har vore viktig for modernismen, som særleg verdsette originalitet og nyskaping i kunsten. Viktige kunstretningar som har fått karakteristikken avantgarde er futurisme, dadaisme, russisk konstruktivisme, abstrakt ekspresjonisme, situasjonisme og popkunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!