Aventinerhøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Roma som viser dei sju åsane og Serviusmuren

Aventinerhøgda eller Aventinhøgda er ei av dei sju høgdene som Roma vart bygd på. Ho ligg i den tolvte rionen, Ripa, og er i dag eit fasjonabelt bustadområde.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet kan kanskje sporast tilbake til kong Aventinus eller ein son av Hercules og den latinske prestinna Rhea, som òg vart kalla Aventinus.

Namnet kan òg kome frå ei segn om grunnlegginga av Roma. Romulus såg fuglar som steig frå Aventinerhøgda, og Romulus såg på dette som eit teikn (fuglar = aves). [1]

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Vergil skreiv at Cacus, som Hercules tok livet av, levde i ei grotte på Aventinerhøgda. Hercules tok livet av Cacus fordi han hadde stole kveget til Geryon som Hercules måtte levere. [2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aventinerhøgda vart ikkje ein del av sjølve Roma før lenge etter byen vart grunnlagd. Strabo skriv at Ancus Marcius, som regjerte frå 640-616 f.Kr. som den fjerde kongen av Roma, gjorde Aventinerhøgda til ein del av Roma for å forskanse byen og verne han frå inntrengande fiendar.[3] I følgje romerske segner vart Aventinerhøgda ein del av Roma då Serviusmuren vart bygd under regjeringstida til Servius Tullius, den sjette kongen av Roma, på midten av 500-talet fvt. Muren kan derimot truleg ikjke ha vorte bygd før 393 f.Kr. då romarane erobra Veii, som kontrollerte eit steinbrot som produserte ein spesiell type kalktuff, som Serviusmuren er lagd av.

Dei fleste lærde meiner at muren vart bygd etter ein invasjon og okkupasjon av gallarar i 387 f.Kr.. Aventinarhøgda var ein forstad til Roma under monarkiet og den tidlege republikken fram til om lag 456 f.Kr. då det vart vedtatt ei lov om at plebeiarar kunne få eigedom på åsen. Dermed voks byen utanfor bymurane til Aventinarhøgda og Campus Martius. Denne utvidinga gjorde det lettare for gallarar å erobre Roma. Denne invasjonen gjorde at det mådde byggast ein ny mur utanfor dei nye områda av byen, inkludert Aventinerhøgda.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skutsch, O. «Enniana IV: Condendae Urbis Auspicia», The Classical Quarterly, 1961.
  2. Brill's New Pauly: Encyclopaedia of the Ancient World. "Cacus", 2002.
  3. Strabo. Geografia
  4. Carter, Jesse Benedict. "The Evolution of the City of Rome from Its Origin to the Gallic Catastrophe"], Proceedings of the American Philosophical Society, 2. september, 1909.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 41°53′N 12°29′E