Avery Brundage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avery Brundage

Statsborgarskap USA
Fødd 28. september 1887
Detroit
Død

8. mai 1975 (87 år)
Garmisch-Partenkirchen

Yrke kunstsamlar, basketballspelar, friidrettsutøvar, moderne femkjemper, politikar, forretningsdrivande
Høgd 183 centimeter
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Ektefelle Marianne Prinzessin Reuss zu Köstritz
Avery Brundage på Commons

Avery Brundage (fødd 28. september 1887 i Detroit, daud 8. mai 1975 i Garmisch-Partenkirchen) var den femte presidenten i Den internasjonale olympiske komiteen (IOK).

Han deltok sjølv under OL 1912 i Stockholm som ein av dei beste tikjemperne, han kom på 16.-plass og i diskos kom han på 22.-plass. I 1952 vart Brundage vald til president for IOK etter svenske Sigfrid Edström.

Julius Lippert, Avery Brundage og Theodor Lewald i Berlin i 1936

«The game must go on»[endre | endre wikiteksten]

Han vart legendarisk etter utsegna etter attentatet under leikene i München i 1972, då fleire funksjonærar og politikarar kravde at leikane måtte avbrytast etter dei tragiske hendingane. Brundages hyppig siterte svar lydde ganske enkelt: «The game must go on!» – 'Leikene må halda fram!'

Etter 20 år som president gjekk Brundage av etter OL i 1972, og overlét leiinga av IOK til den irske adelsmannen lord Killanin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]