Aveyron
- For elva med same namn, sjå elva Aveyron
| Aveyron | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Aveyron | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 12 |
| Region: | Midi-Pyrénées |
| Préfecture: | Rodez |
| Sous-préfectures: | Millau Villefranche-de-Rouergue |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 46 |
| Kommunar: | 304 |
| Président du conseil général: | Jean Puech |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 78. |
| -1999 | 263 808 |
| Folketettleik: | 30/km² |
| Landareal¹: | 8 735 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Aveyron (oksitansk Avairon) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Aveyron er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Dei første kjende busetnadane i området var stamma Rutenii, men området var busett lenge før dette og har mange førhistoriske ruinar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er ein del av regionen Midi-Pyrénées, og grensar til departementa Tarn, Tarn-et-Garonne, Lot, Hérault, Gard, Lozère og Cantal.
Det høgaste punktet i departementet er toppen Mailhebuau på 1 469 m.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarar i departementet vert kalla aveyronnais. Innbyggjarane i Rodez vert kalla ruthénois, som er basert på dei første romerske busetnadane, rutenii.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Aveyron inneheld ein del av Parc National des Cévennes. To kjende turistattraksjonar er slottet i Najac, mellomalderruinar som ligg på ein høg klippe, og klosteret Loc-Dieu, som ligg nær Martiel i eit område med mange steindysser. Den litle byen Millau ligg ved den høgaste brua i verda, Viaduc de Millau. Alt før opninga av viadukten av President Chirac 14. desember 2004 har dette spesielle byggverket vore ein turistattraksjon. Viadukten kryssar heile Tarndalen.
I kommunen Saint Léons (sjå ) ikkje langt frå Millau ligg «insektbyen» Micropolis.