Avgiftsfri diesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Avgiftsfri diesel er diesel som ikkje er belasta med vegavgift, og derfor har litt lågare pris enn vanleg diesel. Køyretøy meint for vegtrafikk har ikkje lov å nytta avgiftsfri diesel, men båtar, anleggsmaskinar, motorreiskap, stasjonærmotorar og anna som ikkje blir rekna som vegtrafikk kan nytta den avgiftsfrie varianten. Avgiftsfri diesel vert mykje nytta innan jordbruk, til mellom anna traktorar.

For at ein skal kunne skilje avgiftsfri diesel frå anna diesel, og for at politiet skal kunne oppdage ulovleg bruk, er avgiftsfri diesel farga grøn (tidlegare raud), og tilsett sporstoff.

Tidlegare måtte eigarar av dieselkøyretøy betale vegavgift pr. kilometer dei hadde køyrt. Denne avgifta vart erstatta med ei drivstoffavgift. Fordi ein ikkje ville ramme anlegg eller båttrafikk vart det innført avgiftsfri diesel.

Avgiftsfri diesel vert mellom anna seld på mange bensinstasjonar.