Avhoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bildeserie av Conrad Schumann, ein austtysk politimann som bokstaveleg talt hoppa over piggtråden til den andre sida av Berlin under bygginga av Berlinmuren i 1961.

Avhoppar er ein person som forlét eit visst land eller ei gruppe,[1] ofte knytt til ein viss ideologi.

Omgrepet var særleg mykje nytta under den kalde krigen, til dømes om nokre av dei som emigrerte frå Sovjetunionen eller Austblokka. Dette galdt særleg i samband med utanlandsopphald der dei i staden for å venda tilbake til heimlandet søkte om asyl i landet dei vitja.[1] I tillegg var det nokre folk frå Vesten som hoppa av til Austblokka; til døms den britiske spionen Kim Philby, som hoppa av til Sovjetunionen for å unngå avsløring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «avhoppar» i Nynorskordboka.