Hopp til innhald

AviList

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AviList

AviList er ei global sjekkliste for fuglar som er laga for å skape ein sameint taksonomi for fuglane i verda. Ho er fritt tilgjengeleg frå nettstaden til AviList Core Team.

Før introduksjonen av AviList i juni 2025 fanst det tre mykje brukte og regelmessig oppdaterte globale sjekklister. Desse separate listene vart haldne vedlike på vegne av International Ornithologists' Union, Birdlife International og Cornell Lab of Ornithology. Listene varierte i talet på anerkjende artar og inndelinga av artane i slekter og familiar. På eit møte i 2018 vart ornitologar samde om å samarbeide for å produsere ein enkelt konsensustaksonomi for fuglane i verda. Utgjevarar av dei tre tidlegare listene har no stoppa eigne uavhengige taksonomiske oppdateringar.

I ein diskusjon på International Ornithological Congress i Vancouver i 2018 vart ei gruppe ornitologar samde om å danne ein komité, Working Group on Avian Nomenclature (WGAC), for å vurdere å konsolidere dei tre uavhengige sjekklistene.[1][2]

Dei tre sjekklistene som no har tatt i bruk AviList-taksonomien er:[1]

  • The Clements Checklist of Birds of the World, halde ved like med årlege oppdateringar av medlemmer av Cornell Lab of Ornithology. Denne sjekklista var opphavleg basert på ei bok av James Clements som vart gjeve ut i 2007.[3][4] Clements-taksonomien ligg til grunn for nettstaden Birds of the World, Merlin Bird ID-appen for iOS- og Android-einingar, eBird-databasen for fugleobservasjonar og Macaulay-biblioteket med fotografi, videoar og lydopptak.[1]
  • Birdlife's Taxonomic Checklist følgde opphavleg HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World, som vart gjeve ut i to bind i 2014 og 2016.[5][6] Taksonomien har vorte oppdatert jamleg av Birdlife International.[7] Denne taksonomien ligg til grunn for IUCN globale raudliste over trua artar og ei rekkje internasjonale konvensjonar, som Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds (AEWA) og Bonnkonvensjonen om bevaring av trekkjande ville dyr (engelsk: The Convention on the Conservation of Migratory Species of Wild Animals (CMS)).[1]
  • IOC World Bird List blir halden ved like av Frank Gill, Pamela C. Rasmussen og David Donsker på vegne av det som tidlegare var International Ornithological Congress, IOC, men no er omdøypt til International Ornithologists' Union.[8] Denne taksonomien vart brukt av den engelske Wikipedia, den britiske ornitologforeininga og nettstaden for lydopptak Xeno-canto.[9][10]

I tillegg til listene ovanfor har Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World vore innverknadsrik innan fugletaksonomien. Den fjerde utgåva vart gjeve ut i to bind i 2013 og 2014, men har ikkje vorte oppdatert etter det.[11][12]

Den første versjonen av den einskaplege sjekklista AviList vart publisert på nett 11. juni 2025.[1][13] I tillegg til dei tre organisasjonane som er nemnde ovanfor, har British Ornithologists’ Union vedtatt å ta i bruk lista.[14]

Birdlife Norge har vedtatt å følgje taksonomien frå AviList i sine publikasjonar. Ei komplett namneliste etter AviList med norske namn for all verdas fuglar var tilgjengeleg frå 31. august 2025.[15] Også artsobservasjoner.no vil følgje taksonomien i AviList.[16]

  1. 1 2 3 4 5 Rheindt, F.E.; Donald, P.F.; Donsker, D.B.; Gerbracht, J.A.; Iliff, M.J.; Lepage, D.; Norman, J.A.; Rasmussen, P.C.; Schodde, R.; Schulenberg, T.S.; Areta, J.I.; Brammer, F.P.; Chesser, R.T.; Dowsett, R.J.; Peterson, A.; Alström, P.; Stervander, M.; Remsen, J.V.; Garnett, S.T.; Homberger, D.G.; Lei, F.; Christidis, L. (2025). «AviList: a unified global bird checklist». Biodiversity and Conservation 34 (10): 3359–3376. doi:10.1007/s10531-025-03120-y.
  2. «Working Group Avian Checklists». International Ornithologists' Union. Henta 26. oktober 2025.
  3. «The Clements Checklist of Birds of the World». Cornell Lab of Ornithology. Henta 26. oktober 2025.
  4. Clements, J.F.; Schulenberg, T.S. (2007). The Clements Checklist of Birds of the World (6th utg.). Ithaca, NY: Cornell University Press. ISBN 978-0-80144501-9.
  5. del Hoyo, J.; Collar, N.J.; Christie, D.A.; Elliott, A.; Fishpool, L.D.C. (2014). HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World, Volume 1: Non-passerines. Barcelona: Lynx Edicions. ISBN 978-84-96553-94-1.
  6. del Hoyo, J.; Collar, N.J.; Christie, D.A.; Elliott, A.; Fishpool, L.D.C.; Boesman, P.; Kirwan, G.M. (2016). HBW and Birdlife International Illustrated Checklist of the Birds of the World, Volume 2: Passerines. Barcelona: Lynx Edicions. ISBN 978-84-96553-98-9.
  7. «The HBW/BirdLife Taxonomic Checklist». Birdlife International. Henta 26. oktober 2025.
  8. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (February 2025). «IOC World Bird List Version 15.1». International Ornithologists' Union. Henta 26. oktober 2025.
  9. «The British List». British Ornithologists' Union. Henta 26. oktober 2025.
  10. Vellinga, W.-P.; Planque, R. (2015). «The Xeno-canto collection and its relation to sound recognition and classification» (PDF). CEUR Workshop Proceedings 1391.
  11. Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8.
  12. Dickinson, E.C.; Christidis, L., red. (2014). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 2: Passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-2-2.
  13. AviList Core Team (2025). «AviList: The Global Avian Checklist, v2025». doi:10.2173/avilist.v2025. Henta 26. oktober 2025.
  14. «BOU adopt AviList global avian taxonomy». British Ornithologist' Union. 7. juli 2025. Henta 26. oktober 2025.
  15. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (31. august 2025). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge.
  16. Tor Olsen (3. juli 2025). «Ny taksonomi på vingene – BirdLife Norge følger AviList». Birdlife Norge.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]