Aviatorbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 73°50′S 165°03′E
Aviatorbreen
isbre
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 73°50′S 165°03′E
Lengd 100 km
Administrert under Antarktistraktaten
Aviatorbreen is located in Antarktis
Aviatorbreen (Antarktis)

Aviatorbreen er ein stod dalbre i Antarktis som er kring 100 km lang og 8 km brei, og som generelt flyt sørover frå platået i Victoria Land langs vestsida av Mountaineer Range og ut i Lady Newnes Bay mellom Cape Sibbald og Hayes Head der han dannar Aviator bretunge.[1]

Isbreen vart fotografert frå lufta av kaptein W.M. Hawkes i US Navy på den historiske første flyturen frå New Zealand til McMurdo Sound den 17. desember 1955. Eit forsøk på å undersøke breen med helikopter og lande eit mannskap frå NZGSAE måtte avlysast då USS «Glacier» vart øydelagd av istrykket i desember 1958. Han vart namngjeven av NZGSAE, 1958–59, som ei hyllest til det farlege arbeidet pilotar og andre flyfolk gjorde under utforskinga og undersøkinga av Antarktis.[2]

Aviator bretunge[endre | endre wikiteksten]

Aviator bretunge i Antarktis er ei forlenging ut i Rosshavet av Aviatorbreen, mellom Wood Bay og Lady Newness Bay langs kysten av Victoria Land.[3] Denne flytande istunga strekkjer seg kring 25 km utover i sjøen.< Namnet vart tilrådd av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Aviatorbreen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]