Avihayil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avihayil
אֲבִיחַיִל
landsby
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°21′1.44″N 34°52′19.56″E / 32.3504000°N 34.8721000°E / 32.3504000; 34.8721000
Areal km²
Folketal 1 394  (2012)
Grunnlagd 19. juli 1932
 - Grunnlagd av Veteranar frå Den jødiske legionen.
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Avihayil
32°21′01″N 34°52′20″E / 32.3504°N 34.8721°E / 32.3504; 34.8721
Wikimedia Commons: Avihayil

Avihayil (hebraisk skrift אֲבִיחַיִל, tyder Styrkens far) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nordaust for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 394.[1]

I 1921 slo veteranar frå Den jødiske legionen under den fyrste verdskrigen seg ned i eit ørkenområde som dei fekk av dei britiske mandat-styresmaktene nordaust i Negev, nær Tel Arad. Busetnaden vart fråflytta då dei ikkje fann vatn.

Ein ny landsby vart grunnlagd i Heferdalen den 19. juli 1932 på eit audeområde med sanddyner, eigd av Jewish National Fund.

I 1946 vart Avihayil slått saman med ein nærliggande moshav, Ein HaOved. Grunnleggjarane var immigrantar frå Canada, Russland og USA, i tillegg til fleire innfødde israelarar. I 1967 var det 605 innbyggjarar i landsbyen og hovudnæringa var jordbruk, mellom anna sitrus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015.