Avilés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avilés
Aviles-2001 desde ermita de la luz 01.jpeg
Flagget til Avilés Byvåpenet til Avilés
Flagget til Avilés Byvåpenet til Avilés


Plassering
Avilés is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Asturias
Provins Asturias
Grunnlagd [[]]
Borgarmeister Pilar Varela
Geografi
Flatevidd
 - By

26,81 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

83,517
  3,1 /km²
Koordinatar 43°33′0″N 5°54′0″WKoordinatar: 43°33′0″N 5°54′0″W
Diverse annan informasjon
Postnummer 33401 - 33403
Nettstad: www.aviles.es

Avilés er den tredje mest viktige byen i Asturias i Spania. Det er òg ein kommune og ein av dei minste i fyrstedømet Asturias i utstrekking. Frå nrod til sør er han 7,5 km lang og frå aust til vest 6,25 km brei med eit totalt areal på 25,34 km². Sjølve byen dekkjer det flate området i kommunen ned mot havet, omgjeve av små åsar, som alle er mindre enn 140 meter over havet. Han ligg ved estuaret Avilés på kysten vest for Peñas-neset og er in viktig nasjonal hamne- og industriby. Han ligg nær populære strender som Salinas.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Området har eit atlantisk maritimt klima med varme somrar og både overskya og solrike dagar. Vinteren har moderate temperaturar, ein del regn og vind. Stundom vert temperaturen så låg at det fell snø. Om sommaren kjem temperaturen sjeldan over 30 °C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Palacio de Camposagrado

Eit par førhistoriske ruinar viser at det har budd folk her lenge. Staden har vore nemnt i skriftlege kjelder sidan 905. Namnet Avilés trur ein kjem frå ein lokal romersk landeigar, Abilius.

Staden vart først nemnd i 905 då den asturiske kongen Alfonso III bygde to kyrkjer her. I mellomalderen vart byen ein viktig hamneby i Biscayabukta og dreiv hovudsakleg handel med franske hamnebyar. Den viktigaste eksportvaren var salt. På dette tida hadde byen to kjernar, fiskemarknaden Sabugo og det aristokratiske senteret La Villa, som låg på kvar si side av ei lita bukt. La Villa var omgjeve av kraftige murar. I 1479 gav dei katolske kongane byen status som fri marknad kvar måndag gjennom heile året. Denne marknaden finst framleis. At byen har vore ein viktig hamneby i lang tid syner seg att i skipsbygginga med tre hogge får nærliggande skogar, og ved dei lokale sjømennene som deltok då Kongedømet Castilla erobra Sevilla. Dette er minna i byvåpenet til Avilés.

Palacio de Balsera

Byen er fødestaden til Pedro Menéndez de Avilés, ein soldat i armeen til Felipe II, som utforska Florida på 1500-talet og i 1565 grunnla den første europeiske byen i det som i dag er USA, San Augustíne (i dag St. Augustine i Florida). Han er òg fødestaden til Juan Carreño Miranda, hoffmålaren til kong Carlos II.

Rådhuset i Avilés

Estuaret, som hadde vore lukka for skipsfart sidan tidleg moderne tid, vart delvis drenert på 1800-talet. Bukta mellom dei to opphavlege bykjernene, Sabugo og La Villa, vart då slått saman og byen byrja å vekse utanfor bymurane, som vart øydelagde i 1818. På 1900-talet var det store folkevekst då fleire store fabrikkar starta opp i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avilés

Kjelder[endre | endre wikiteksten]