Avinor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen for Avinor AS.
Avinors radar på toppen av Haukåsen i Østmarka i Oslo er ein radar for kontroll av flytrafikken til og frå Oslo LufthamnGardermoenRomerike.

Avinor AS vart skipa 1. januar 2003 som eit aksjeselskap eigd fullt ut av den norske staten under Samferdsledepartementet, og har som oppgåve å eige og drive lufthamner, flyplassar, i Noreg. Selskapet har òg ansvaret for tryggings- og navigasjonsinstallasjonar av ulike slag, som radarar, radiofyr, fjernstyrte basestasjonar for flyradiosambandet, og kontrollsentralar.

Avinor AS har teke over oppgåver som tidlegare låg under det statlege Luftfartsverket. I samband med at Avinor AS overtok drifta av lufthamnene og det som høyrer med dette, vart Luftfartstilsynet skipa for å take seg av alle tilsyns- og forvaltingsfunksjonane i som låg til det gamle Luftfartsverket.

Avinor AS er den største lufthamneigaren i landet, og har ansvaret for drifta av 46 av dei, inklusive 12 som ligg under Forsvaret. Inntektene kjem frå den kommersielle verksemda som går føre seg på flyplassane, og frå trafikkavgifter som flyselskapa betaler for å nytte lufthamnene eller for å fly i det luftrommet som Noreg har kontrollen over. Det er dei få lufthamnene som går med overskot som subsidierar dei andre og fleste som Avinor AS eig, av di dei går med større eller mindre underskot. Lufttrafikktjenesta vert drive til sjølvkost, men kostnadene ved tryggleiksarbeidet vert dekt ved innkrevjing av avgiftar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]