avisa Alt for Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om den illegale avisa. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alt for Norge (fleirtyding).

Alt for Norge var namnet på ei av dei illegale avisene som vart utgjevne under den tyske okkupasjonen av Noreg.

Alt for Norge presenterte seg som «organ for den nasjonale fronten» og vart gjeve ut av «sentralkomiteen for det Kommunistiske partiet». Avisa vart utgjeven i 1944 og 1945, av Noregs Kommunistiske Parti, NKP. I 1944 kom ho ut kvar 14. dag, og var ei lita firesiders trykksak i boktrykk.[1] Opplaget svinga mellom 10 000 og 30 000, og sidan dei illegale avisene sirkulerte innebar dette truleg ein lesarkrets på meir enn hundre tusen.[2]

Alt for Norge var eit talerør for den aktive motstandskampen, med slagord som «Organisert utryddelseskrig mot angiverne er folkets krav!»[3] og oppfordringar til konkrete aksjonar: «Patrioter! Slutt lag i grupper på 3 mann, skaff dere håndvåpen, og slutt dere til den organiserte utryddelseskrigen mot Gestapo! Skyt ned angiverne hvor de treffes!»[4]

Alt for Norge hadde òg front mot dei britiske styrkane, når desse gjekk til åtak på kommunistleia motstandsrørsle i andre land: «Alarm: Engelskmennene har åpnet ild mot motstandsbevegelsen i Grekenland. Delvis det same i Belgia. Dette er et alarmsignal for oss alle! Protester mot englendernes framferd hvor du kan!»[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alt for Norge. Organ for den nasjonale front. 1944 - 1945, 200 eks. innbundet utgåve, juni 1948. Norsk Forlag Ny Dag
  2. Torgrim Titlestad, Peder Furubotn i kamp, i krig 1942-1945, Gyldendal (1977) ISBN 82-05-09295-8
  3. Alt for Norge. nr. 18. oktober 1944
  4. Alt for Norge. nr. 25. desember 1944
  5. Alt for Norge. nr. 23. desember 1944