Hopp til innhald

Avisa Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hordaland er ei avis som vert utgjeven på Voss i Vestland fylke. Avisa vart skipa i 1883. Fram til 1972 var Hordaland ei Venstre-avis, sidan den tid har ho vore partipolitisk ubunden. Dekningsområdet er Voss og tilgrensande kommunar. Hordaland kjem ut tysdag og fredag i tabloidformat (omlagt frå fullformat i oktober 2003). Avisa var fram til 2024 eigd av eit familieaksjeselskap, med Astrid Kløve-Graue som hovudeigar. I 2024 vart avisa kjøpt opp av Amedia. Ansvarleg redaktør og dagleg leiar er Ingvil Aaen Torpe som har hatt stillinga sidan 2022. Styreleiar er Svein Atle Huus. 16 personar er tilsett i avisa, der 15 av desse er redaksjonelle årsverk. Avisa vert redigert på nynorsk.

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 10 133
2001 10 049
2002 9 959
2003 9 908
2004 9 742
2005 9 708
2006 9 585
2007 9 600
2008 9 582
2009 9 489
2010 9 386
2014 8 342
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]