Hopp til innhald

Avisa Møre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møre
LandNoreg
TypeLokalavis
Org.nummer910031031
Grunnlagd1810
Grunnlegger(ar)Mauritz Aarflot
SpråkNorsk
Nettstadhttps://mre.no (nynorsk)

Møre er ei avis som vert utgjeven i VoldaSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho er rekna som den fyrste lokalavisa som vart starta i Noreg. Avisa vert redigert på nynorsk.

Fyrste redaktør var Sivert Aarflot (17591817), som starta avisa på Ekset i Volda i 1810. Avisa fekk frå starten namnet Norsk Landboeblad. Andre namn på avisa har vore Landboe-Avisen, Postbudet, Møringen og Ugebladet. Familien Aarflot sit framleis i leiinga av avisa. Tore Aarflot og dottera Tonje Marie Nupen Aarflot tok over avisa i 2013. Tore er redaktør/dagleg leiar,[1] medan Tonje Marie har ei sentral rolle i administrasjonen.[2]

Møre vert utgjeven av Aarflots prenteverk AS. Trykkeriet vart grunnlagt av Sivert Aarflot i 1809.[3]

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[4]

År Nettoopplag
2004 3 775
2005 3 746
2006 3 759
2007 3 752
2009 3 722
2010 3 690
2014 3 373
  1. «Redaksjonen», Møre (på norsk), henta 25. oktober 2025
  2. «Dei tilsette», Møre (på norsk), henta 25. oktober 2025
  3. «Historia om firmaet», Møre (på norsk), henta 25. oktober 2025
  4. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.