Avisa Sør-Trøndelag
Utsjånad
Avisa Sør-Trøndelag er ei lokalavis som blir gjeven ut på Orkanger. Ho har òg eit kontor i Hemne. I daglegtale blir avisa oftast kalla Søra eller Sør-trønder’n.
Avisa vart grunnlagt i 1908 under namnet Søndre Trondhjems Amtstidende. Ho er i dag eigd av Adressa-konsernet.
Dekningsområdet til Avisa Sør-Trøndelag er kommunane Orkdal, Hemne, Skaun, Meldal, Snillfjord, Agdenes og Rennebu i den sørvestlege delen av Sør-Trøndelag, samt Rindal på Nordmøre.
Ansvarleg redaktør er Anders Aasegg Morken og dagleg leiar er Tommy Johnsen Krangsås (2015).
Avisa kjem ut fem dagar i veka; frå tysdag til laurdag.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 7 075 |
| 2001 | 7 023 |
| 2002 | 6 967 |
| 2003 | 7 006 |
| 2004 | 7 081 |
| 2005 | 7 162 |
| 2006 | 7 229 |
| 2007 | 7 328 |
| 2008 | 7 293 |
| 2009 | 7 268 |
| 2010 | 7 120 |
| 2014 | 6 553 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.