Avishistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førsteutgava av Avisa, Relation oder Zeitung kom ut 15. Januar 1609

Avishistoria har liner som går attende til oppfinninga av boktrykkarkunsten og byrjar med dei første trykte avisene som kom i 1605. Ordet avis kjem frå fransk, og er laga av latin ad, 'til', og visum, 'syn, tanke'.[1]

Ein definerer gjerne ei avis som eit medium der det vert publisert nyheiter, artiklar, kunngjeringar, annonsar osv regelmessig. Tradisjonelt var dette papiraviser, men i lys av den teknologiske utviklinga vart det og danna nettaviser. På verdsbasis er det i dag anslagsvis rundt 15 000 dagsaviser, med eit samla opplag på rundt 600 millionar [2]. For å sjå på utviklinga innan avishistorie, må ein tilbake til 1400-talet då boktrykkjarkunsten vart oppfunne. Johann Gutenberg reknast som oppfinnaren av boktrykkjarkunsten, på grunn av at han utvikla ein metode for å støype saman lause typar. I tillegg fekk han til å lage ei trykkpresse som han konstruerte ut i frå å byggje om ei vinpresse. Trass i at andre hadde brukt utskjeringar, og andre eksperiment med trykking, blei denne måten sett på som den mest effektive. Mykje av det kjem av at teknikken var fleksibel, nøyaktig og produktiv [3]. Med denne maskina kunne Gutenberg masseprodusere bøker, den mest kjende av desse Bibelen. Sjølv om teknologien til masseproduksjon var der, kom ikkje avisene før 150 år seinare. Det er usemje rundt kva avis som eigentleg var den første trykte avisa, men pressehistorisk forsking viser til at «Nieuwe Tijdinghe» eller «Relation aller Fürnemmen und gedenckwürdigen» var dei første. Begge avisene vart først publiserte i 1605.

Forbetra trykkprosessar[endre | endre wikiteksten]

For å effektivisere trykkeprosessen vart det etter kvart laga nye og forskjellige presser, for eksempel sylinderpressa, og den dampdrivne pressa som begge vart laga på byrjinga av 1800-talet. Seinare kom også rullerotasjonspressa, som auka produksjonsmoglegheitene ytterligare. Ved hjelp av desse nye trykkemetodane vart det mogleg med større produksjon og dermed fleire lesarar. Frå å trykkje ca. 200 ark i timen med dei enklaste trykkpressene i 1800, kunne ein 70 år seinare trykke oppimot 20.000 ark per time. Samtidig med denne utviklinga av trykkpressene, både kvalitets- og kvantitetsmessig, vart folketalet i Europa fordobla, og talet på lese- og skrivekyndige auka betrakteleg. Med den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet, vart dei politiske systema i fleire land endra, og dette førte i nokre tilfelle til allmennrøysterett for menn og ytringsfridom. Slik vart det duka for større politisk engasjement blant befolkninga, og nyoppretta aviser heldt seg til eit parti politisk, både for å rekruttere og engasjere.

Endra mediekvardag[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrig vart mange aviser stengde på grunn av at synspunkta deira streid mot synspunkta til dei som då styrte landet. Sjølv etter krigen var avisene påverka av krigstida. Mange av avisene som slutta å produsere gjennom krigen hadde ikkje økonomi til å starte opp igjen, anten pga. materielle skader eller mangel på arbeidskraft. Dei avisene som greidde seg gjennom krigen vart hardt pressa av radio, som hadde eksistert også før krigen, i tillegg til fjernsyn som vart allemannseige rundt 1960. Fjernsyn endra måten folk såg på omverda på, og avisene endra seg deretter. Avisene som før berre inneheldt politiske artiklar og nyheiter, kunne no ha innslag av TV program og omtale av desse. Rundt 1990 vart internett oppfunne. Dette førte til ein ekstra utfordring for avisene ettersom det vart lettare og oftare oppdaterte nyheiter på nettet. Derimot starta avisene opp eigne nettaviser. I dag er det nokon som satsar på hybrid løysning, der ei nettavis i tillegg til ei papiravis, medan andre satsar berre på ein av delane.

Tabloidaviser og seriøse aviser[endre | endre wikiteksten]

Aviser har gjerne frå redaksjonelt hald ei haldning til korleis dei skal vinkle sine nyheitssaker. Nokre aviser vel å fange merksemda til lesarane ved å sjokkere, anten det er ved blikkfang eller ved sak. Andre legg meir vekt på prestisje og profesjonalitet, og nyttar i større grad kjelder i nyheitene dei skriv om. Dette kan eksempelvis representerast ved Dagbladet, som har tabloidtilnærming, og The New York Times som har valt å tilnærme seg nyheitene på ein meir konservativ måte. Begge avisene har den såkalla hybridløysninga, i tillegg tek dei betaling for delar av innhaldet på nettavisene. Med dagens nettaviser kan ein raskt og enkelt oppdatere nyheiter, samanlikna med papirutgåver som blir gitt ut 1-2 gonger dagleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Avis i nynorskordboka, arkivert frå originalen 17. november 2015, henta 10. april 2013 
  2. (Henriksen m.fl. 656)
  3. (Henriksen m.fl. 405)