Avistegnernes Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avistegnernes Hus

StadFrogn
Kart
Avistegnernes Hus
59°39′49″N 10°37′51″E / 59.6637°N 10.6308°E / 59.6637; 10.6308

Avistegnernes Hus, Nasjonalt senter for tegning og ytringsfrihet er eit kunstgalleri i Drøbak som særleg har utstillingar av avisteikningar, teikneseriar og illustrasjonar.[1]

Galleriet vart skipa som ei stifting 8. april 1999 av Frogn kommune og ei rad medieverksemder og privatpersonar. Meininga var dels å skape eit kompetansesenter for avisteikninga som kunstform, dels å heidre teiknaren og satirikaren Fredrik Stabel, som budde i Drøbak frå 1970 til han døydde i 2002. Det opphavlege namnet på galleriet var difor «Fredrik Stabel og Avistegnernes Hus».[1]

I 2019 vart galleriet ei avdeling av Akershusmuseet etter å ha vorte «konsolidert» med Follo Museum frå 1. januar 2009. Akershusmuseet har teke over det økonomiske ansvaret, og det tidligare styret for stiftinga er vorte eit fagstyre med avgrensa rettar og ansvar, beinveges underlagt styret for Akershusmuseet. Men stiftinga Avistegnernes Hus er oppretthalden.

Avistegnernes hus har laga fleire vandreutstillingar med politiske illustrasjonar og ytringsbasert kunst.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «AVISTEGNERNES HUS», Drøbak Kunstnerforum (på engelsk), henta 26. januar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]