Avivim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avivim
moshav
Land  Israel
Distrikt Øvre Galilea
Kommune Merom HaGalil
Koordinatar 33°5′21.2″N 35°28′19.43″E
Folketal 481  (2012)[1]
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Avivim
33°5′21″ N 35°28′19″ E
Wikimedia Commons: Avivim

Avivim (אֲבִיבִים) er ein israelsk moshav heilt nord i Israel, i Øvre Galilea. Han ligg mindre enn ein kilometer frå den blå linja, grensa til Libanon, i det palestinske landområdet til den sjiaislamske landsbyen Saliha, som vart avfolka etter ein massakre utført av israelske forsvarsstyrkar.[2][3][4]

Avivim offentlege bibliotek

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1920 var Saliha erklært ein del av Libanon som ein del av ein fransk-britisk grenseavtale. Han var ein av 24 landsbyar som vart overført til britisk kontroll i 1924 etter at grensa vart teikna opp i 1923 mellom det britiske Palestinamandatet og Det franske mandatet for Syria og Libanon.[5] Han vart så ein del av Palestina.

I SN sin delingsplanen for Palestina frå 1947, var Saliha meint å vere ein del av ein føreslått arabisk stat, medan grensa mellom denne og den føreslått jødiske staten skulle gå nord for det oppbygde området til landsbyen. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 var Saliha åstad for ein massakre utført av dei israelske styrkane, kort tid før landsbyen vart heilt avfolka. Alle bygningane i landsbyen, med unntak av ein grunnskule for gutar, vart øydelagde. Dei israelske styrkane sprengde moskeen i landsbyen og drap 60-94 menneske som var inne i moskeen.[6]

Moshav Avivim vart grunnlagd i 1958, fråflytta, og så grunnlagd på ny i 1963 av immigrantar frå Nord-Afrika, hovudsakleg marokkanske jødar.

Midtaustenkonflikten[endre | endre wikiteksten]

Sidan moshaven ligg nær grensa til Libanon har han ofte vore eit terroråml, mellom anna skulebussmassakren i Avivim. Den 8. mai 1970 avfyrte terroristar frå den syriskstøtta organisasjonen Saeka to bazooka-granatar[7] mot skulebussen til landsbyen, og tok livet av ni barn og tre vaksne, medan 19 vart skadde.[8] I oktober 1970 avfyrte geriljasoldatar i Libanon bomber mot Avivim, og utløyste alarm langs den libanesiske grensa.[9]

Avivim leid òg under Libanonkrigen i 2006, og vart utsett for minst eit infiltreringsforsøk frå Hizbollah. Moshaven kom òg under eld frå Hizbollahstyrkar i den nærliggande landsbyen Maroun al-Ras, på andre sida av grensa i Libanon.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]