Avløypet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Avløypet | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Postnummer | 5419 FITJAR | ||
Gardnummer | 18 | ||
Avløypet er ein holme i Fitjar kommune i Fitjarøyane, like vest for Ivarsøyo. Holmen er like under ein kilometer lang og kring 350 meter på det breiaste. Sundet mellom Avløypet og Ivarsøyo er berre kring 20 meter på det smalaste.
Øya vart nytta som beite for gardsbrukarane på Ivarsøyo, men i 1845 vart delar av holmen bygsla bort, og det har sidan det vore to bruk på øya.
Øya har eit areal på 26 hektar. Ho er kring 1,1 km lang frå sør til nord, men denne linja kryssar Raunespollen på sørsida av øya. På det breiaste er øya kring 400 meter. Det høgaste punktet på øya er 50 meter over havet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.