Avnei Hefetz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°17′4.66″N 35°4′26.33″E
Avnei Hefetz
אַבְנֵי חֵפֶץ, Avne Hefez, Avnei Chefetz
landsby
Namneopphav: Edelsteinar
Land Flag of Palestine.svg Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomron
Koordinatar 32°17′4.66″N 35°4′26.33″E
Folketal 1 709 (2015) [1]
Grunnlagd 1990
 - Grunnlagd av studentar frå Karnei Shomron
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Avnei Hefetz (hebraisk skrift אַבְנֵי חֵפֶץ, tyder 'Edelsteinar') er ei israelsk busetjing langs vestkanten av den nordlege, okkuperte Vestbreidda. I 2015 hadde ho eit folketal på 1 709. Busetjinga er underlagt Shomron regionale kommune og ligg like ved Tulkarm, Einav og Sal'it. Dei næraste israelske byane Netanya i vest og Kfar Saba i sørvest, begge kring 25 minuttar med bil unna.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[2]

Avnei Hefetz vart grunnlagd i 1990 av ei gruppe israelske ortodokse-jødiske studentar frå Karnei Shomron Hesder Yeshiva med støtte frå Amana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «List of localities, in Alphabetical order» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2015. Henta 16. oktober 2016. 
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]