Avre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avre
elv
Land Frankrike Frankrike
Nedslagsfelt 917 km² km²
Lengd 72 km km
Kjelde Orne
Munning Eure
Wikimedia Commons: Avre (River of Normandy)

Avre er ei elv i Frankrike og ei av sideelvane til Eure. Kjelda til elva ligg i Percheskogen i Orne, 280 meter over havet, og ho munnar ut i Eure nær Dreux. Ho dannar mellom anna grensa mellom departementa Eure og Eure-et-Loir.

Avre er 72 km lang, og har eit nedslagsfelt på 917 km². Ho renn gjennom departementa Orne, Eure-et-Loir og Eure, og tidlegare danna ho grensa til Normandie.