Avril Lavigne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avril Lavigne
Avril Lavigne in Brasilia - 2014 - 2 (cropped).jpg
Fødd 27. september 1984
Belleville
Instrument

gitar, piano, trommesett, vokal, vokalist

Sjanger Softrock, alternativ rock, Pop-pønk, Poprock, post-grunge
Yrke singer-songwriter, songar, skodespelar, komponist, velgjerar, filmskodespelar

Avril Ramona Lavigne (fødd 27. september 1984) er ei kanadisk songarinne og skodespelarinne. Ho har hatt hits med songane «Sk8er Boi», «Complicated» og «Nobody's Home».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Avril Lavigne vart fødd i Belleville i Ontario, men voks opp i småbyen Napanee i same provinsen. Ho viste tidleg musikalsk talent, og gav ut debutplata si, Let Go i 2002, 17 år gamal. Singlane «Sk8er Boi» og «Complicated» vart store hits, og plata selde i svært mange eksemplar over heile verda. Dette resulterte i både den kanadiske Juno-prisen, Grammy-prisen frå USA med meir.

Oppfylgjarplata Under My Skin kom i 2004. Fleire singlar vart laga frå denne også, som «Don't Tell Me» og «Nobody's Home». Fram til i dag har Avril Lavigne gjeve ut fire studioalbum. Ho har hatt fleire skodespelarroller, m.a. ei stemme i animasjonsfilmen Over hekken. Ho var ei stund gift med Deryck Whibley, vokalisten i rockebandet Sum 41, men dei to er i dag skilde.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Let Go (2002)
  • Under My Skin (2004)
  • The Best Damn Thing (2007)
  • Goodbye Lullaby (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!